Varslingsplikt etter alvorlege hendingar i kommunale helse- og omsorgstenester

Alle verksemder som yter helse- og omsorgstenester har plikt til å varsle om dødsfall og svært alvorlege hendingar til Statens helsetilsyn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.08.2021, Sist endra 16.08.2021

Formålet med varselordninga er å identifisere uforsvarlege forhold med ein gong slik at ein kan rette opp forholda raskt og sikre forsvarleg pasientsikkerheit. Varslingsplikta vart gjeldande frå 1. juli 2019.

Statsforvaltaren kan kontaktast ved usikkerheit om hendinga skal varslast. Les også meir om plikta i brevet frå Statens helsetilsyn, som du finn under «Dokument». 

Varsel skal sendast via Statens helsetilsyn si nettside. 

Meir informasjon om varslingsplikta finn du også på nettsida til helsetilsynet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.