Korleis søke om fritak frå teieplikta?

Politi og advokat kan søke elektronisk om fritak frå teieplikt for vitne som skal forklare seg for politi eller domstol. Her finn du informasjon om korleis du søker.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.11.2019

Når tilsette i barnehagar, skular, barnevern-, sosial-, og helsetenester, og tilsette som har oppgåver etter introduksjonslova, skal forklare seg for politi eller domstol, krevst det fritak frå teieplikta.

Søknad bør sendast Fylkesmannen tre veker før avhøyr eller rettssak skal gjennomførast.

Her finn du lenkje til elektronisk søknadsskjema. 

Samtykke gjer søknad unødvendig

Søkar må spørje dei som har krav på hemmeleghald om dei vil frita vitnet frå teieplikta, før søknad blir sendt til oss. Det gjeld berre dersom ein slik førespurnad er foreinleg med pågåande etterforsking eller straffesak. Dersom dei samtykker, er det unødvendig å sende søknad til Fylkesmannen.

Innhald i søknaden

Vi har utarbeidd eit elektronisk skjema som vi oppmodar om å bruke til søknaden. Søknaden om fritak frå teieplikt må innehalde følgjande opplysningar

  • namn, fødselsdato, stilling og arbeidsstad for vitne
  • namn på partane i saka
  • kva saka gjeld, kva vitnet skal forklare seg om og kvifor det er relevant for saka
  • det er forsøkt å innhente samtykke frå dei som har krav på hemmeleghald, eventuelt, kvifor ikkje
  • dato for forklaring, kva instans forklaringa skal givast for
  • saksnummer for domstolen
  • uttale frå vitne og vitnets leiar, om dei har innvendingar mot forklaring

Under «Dokument» finn du meir informasjon om korleis du søker fritak frå teieplikta. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.