Mannen som er sikta for drapet i Florø fekk forsvarleg behandling

Fylkesmannen har avslutta tilsynet med Helse Førde, Psykiatrisk klinikk og Flora kommune. Vi har kome til at mannen som er sikta for drap fekk forsvarleg behandling frå Flora kommune den dagen drapet skjedde, og at han fekk forsvarleg behandling frå Helse Førde sommaren 2019.

Mannen er sikta for å ha drepe ein person 15. november 2019. Fylkesmannen starta tilsynssak med Helse Førde, Psykiatrisk klinikk og Flora kommune (no Kinn) etter at vi fekk informasjon om at mannen hadde vore i kontakt med helsevesenet i forkant av drapet.

Han hadde vore innlagd ved Psykiatrisk klinikk sommaren 2019 under tvang. Han vart greia ut somatisk og psykiatrisk og valde å skrive seg ut då han vart friskare og det tvungne vernet vart oppheva. Han fekk tilbod om oppfølging etter utskrivinga som han ikkje nytta seg av. Dette stod han fritt til å gjere då det ikkje lenger var grunnlag for tvang. Etter vår vurdering fekk han forsvarleg behandling.

Dagen då drapet skjedde var mannen i kontakt med den kommunale helsetenesta. Legevaktslege ringde mannen på ettermiddagen 15. november 2019 etter å ha fått melding frå politiet om at mannen hadde påfallande åtferd. Vi finn ikkje at oppfølginga frå den kommunale helsetenesta denne dagen var uforsvarleg.