Yrkessjåførar med syn på eitt auge

Yrkessjåførar med syn på eitt auge kan framleis få unntak frå helsekrava for førarkort for lastebil og buss. 

Det har Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet avgjort.

Det er krav om syn på begge auge for å få førarkort i høge førarkortklasser. Det er likevel ein del sjåførar som har fått dispensasjon frå dette kravet. 

Med endringar som no er fastsett vil det vere mogleg å søke om forlenging av dispensasjonen også utover 30. september 2019. Søkar må gjennomføre ei praktisk køyrevurdering, dersom dette ikkje blei gjort ved fornying av siste dispensasjon.

For ikkje å få opphald i førarretten kan førarkortinnehavar ta kontakt med Statens vegvesen for å få midlertidig løyve til å køyre medan dispensasjonssøknaden blir behandla hos Fylkesmannen.

Meir informasjon kan ein finne på Regjeringa.no