Midlertidig forlenging av førarrett

For å avgrense fastlegane sitt arbeid har Vegdirektoratet i samråd med Helsedirektoratet bestemt å forlenge utgått førarrett utan krav til ny helseattest.

Personar som har fylt 80 år kan køyre i Noreg i 3 månader etter at førarretten er utgått. Dette gjeld likevel ikkje dersom førarretten har kortare varigheit av helsemessige årsaker.

Forlenginga utan ny helseattest gjeld i inntil 6 månader for kompetansebevis for utrykkingskøyring og for utgått yrkessjåførkompetanse. 

Meir informasjon kan du finne på vegvesen.no