«Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv»

Det er bodskapen til Helse Vest sin folkeopplysingskampanje som kjem i vinter.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.11.2020

Mange har tankar om sjølvmord i løpet av livet, og ein kan ha det utan å vere psykisk sjuk.  Men blir tankane for tunge, treng ein hjelp. Behandling nyttar, og det er mange som kan hjelpe, heiter det på Helse Vest si kampanjenettside.

For å bidra med kompetansespreiing og informasjon har Helse Vest laga ei ressurside om sjølvmordsførebygging på nett. Målet er å gjere dei som jobbar i kommune og fylkeskommune betre rusta til å fange opp dei som slit, og til å ta dei vanskelege samtalane.

Det er viktig at kommunane synleggjer kva hjelpetilbod som finst i kommunen og gjer dette kjent for innbyggjarar og fastlegar i kommunen.

Her kan du lese meir om «Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv», og her finn du Helse Vest si ressursside om sjølvmordsførebygging på nett.

Her kan du lese meir om ulike verktøy i arbeidet med sjølvmordsførebygging.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.