Ny rettleiar til det systematiske folkehelsearbeidet

Illustrasjon av det systematiske folkehelsearbeidet. Foto: Helsedirektoratet
Illustrasjon av det systematiske folkehelsearbeidet. Foto: Helsedirektoratet

Målet med folkehelselova er å betre befolkninga si helse og fordelinga av denne. Den utvida og reviderte rettleiaren for det systematiske folkehelsearbeidet kan vere ei hjelp i arbeidet. 

Rettleiaren tek føre seg alle elementa i det eit systematisk folkehelsearbeid. Rettleiaren er ein revisjon og utviding av rettleiaren som kom i 2013 «God oversikt – En forutsetning for god folkehelse», som bistand til det lokale og regionale oversiktsarbeidet. Den forklarar folkehelselova sine paragrafar og har inkludert døme frå kommunar, som inspirasjon og hjelp.

Den er berre tilgjengeleg på Helsedirektoratet si nettside. 

Systematisk arbeid

Kommunen si oppgåve å fremje befolkninga si helse, trivsel, sosiale og miljømessige forhold, i tillegg til å førebyggje psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding. Kommunen skal også beskytte befolkninga mot negative faktorar som påverkar helsa. Dette skal gjerast i eit systematisk folkehelsearbeid.

Folkehelselova tredde i kraft i 2012. I den vart fundamentet for å styrke det systematiske folkehelsearbeidet i politikk-, samfunnsutvikling og i planarbeid ut frå kommunale behov og utfordringar lagt. Oversikta over folkehelseutfordringane i kommunen skal danne grunnlaget for strategiar, mål og tiltak forankra i plansystemet etter plan- og bygningslova.

Helsedirektoratet har også ein rettleiar i lokale folkehelsetiltak i kommunen.