Kunnskap om vald er viktig i folkehelsearbeidet

I Kommunehelsa statistikkbank finn ein no kommune- og fylkestal for melde tilfelle av vald og mishandling. Kunnskap om, og omfanget av vald er nyttig i det lokale folkehelsearbeidet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.09.2019

Konsekvensane av å bli utsett for vald er store, og vald er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Folkehelseinstituttet presenterer no tal for vald i Kommunehelsa statistikkbank.

Statistikken kan ein nytte som ein del av kunnskapsgrunnlaget i folkehelsearbeidet.

Nesten ein tredjedel av befolkninga, 44 prosent av menn og 22 prosent av kvinner, har blitt utsett for alvorleg vald ein eller annan gong i løpet av livet.  

Tala seier noko om valdsbyrda i kommunen, men den seier ikkje noko om fordelinga av ulike typar vald som er meldt. Kommunar må også ta høgde for at eit ukjent tal valdslovbrot aldri blir registrert, og at seksuallovbrot ikkje er inkludert i statistikken.

Her finn du tala i Kommunehelsa statistikkbank.

Her kan du lese meir om vald og seksuelle overgrep i folkehelserapporten.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.