Handlingsplan skal gi betre smittevern

Ein handlingsplan med 37 tiltak skal redusere førekomsten av helsetenesteassosierte infeksjonar, og betre organiseringa og strukturen av smittevernet i Norge.

Godt smittevern bidreg til betre pasientsikkerheit og er ein føresetnad for å avgrense utbrot og spreiing av smittsame sjukdomar i helsetenesta og samfunnet. Godt smittevern er også avgjerande for å handtere utfordringa med antibiotikaresistens.

Handlingsplanen har som hovudmål å redusere førekomsten av helsetenesteassosierte infeksjonar og å betre organisering og struktur av smittevernet i Norge. Planen har 37 tiltak for å oppnå dette.

Handlingsplanen inngår som ein del av Nasjonal strategi mot antibiotikaresistens (2015-2020).

Du finn handlingsplanen og strategien under «Lenkjer».