Brot på krav om tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular

Tilsyn med kommunane har avdekt at fire av seks kommunar ikkje fører regelmessig tilsyn basert på risikovurdering og at leiinga ikkje følgjer med på kva som blir gjort.

Kommunane har ansvaret for å føre tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Inne- og utemiljøet har mykje å seie for helse, trivsel og prestasjonar blant barn og unge. 

Landsomfattande tilsyn 2019 med kommunens arbeid med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular

Føremålet er å medverke til at kommunen oppfyller plikta til å føre tilsyn med at inne- og utemiljø i barnehagar og skular fremjar helsa og førebyggjer sjukdom og skade hos barn i barnehagar og skular.

Lovlegkontroll

Fylkesmannens tilsyn er etter folkehelselova avgrensa til lovlegkontroll av om kommunen oppfyller pliktene sine. Vi har undersøkt om kommunen oppfyller plikta til å føre tilsyn ved å sørgje for:

  • ei klar fordeling av mynde og oppgåver, at tilsynet er tilstrekkeleg uavhengig og har naudsynt kompetanse
  • å ha oversikt over godkjenningspliktige barnehagar og skular
  • at risikoforhold i miljøet i den enkelte barnehagen og skulen blir følgde opp, og at det blir ført regelmessig tilsyn med barnehagar og skular i kommunen
  • at tilsyn blir følgt opp systematisk der det er avdekt lovbrot

Brot på krav i folkehelselova ved tilsyn med fire av seks kommunar

Vi har ført tilsyn med kommunane Askøy, Aurland, Fitjar, Flora, Kvam og Osterøy. Det blei ikkje avdekt lovbrot ved tilsyn med Osterøy kommune og med Flora kommune sitt arbeid med tilsyn med miljøretta helsevern i barnehagar og skular i Førde kommune.

Dei fire andre kommunane er komne ulikt langt i arbeidet med på rette brot på krav i folkehelselova. Vi følgjer opp kommunane inntil dei har retta lovbrota og kan vise praksis er endra og fungerer over tid.

Rapportane frå dei ulike tilsyna finn du under «Lenkjer».