Helse, omsorg og sosialtenester

Alle som treng det, skal få gode og forsvarlege helse- og sosialtenester – uavhengig av alder, inntekt og diagnose. Det er i stor grad kommunane og helseføretaka (sjukehusa) som tilbyr desse tenestene.

Staten har ansvar for å sikre like rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske rammer. Staten har òg ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helse- og sosialtenestene. Mykje av tilsyns- og kontrollarbeidet blir gjort av Fylkesmannen.

Vis meir


07.07.2020

Helsepersonell frå Sverige skal testast

Svenske helsearbeidarar skal testast for covid-19 to gongar, med minimum 48 timar mellomrom, etter at dei har kome til Noreg.

07.07.2020

Fleirtalet får hjelpa dei treng til rett tid

Ein ny evalueringsrapport viser at brukarar av kommunale rustenester er gjennomgåande positive til dei tilsette i tenestene, og fleirtalet opplever at dei får den hjelpa dei treng til rett tid.

07.07.2020

Erfaringskonsulentar er viktige bidragsyterar

Ein ny rapport frå Høgskulen på Vestlandet viser at erfaringskonsulentar med ruserfaring gradvis har fått eit breiare spekter av oppgåver og roller.

03.07.2020

Ledige verv ved kontrollkommisjonane i Vestland

Det er ledige verv ved kontrollkommisjonane i Vestland. Søknadsfrist er 25. august og 10. september.

03.07.2020

Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Førde sentralsjukehus, Psykiatrisk klinikk og Ungdomsavdelinga

I Kontrollkommisjonen for Førde sentralsjukehus, Psykiatrisk klinikk og Ungdomsavdelinga er det frå 1. januar 2021 ledig verv som vara for lekmedlem. Søknadsfristen er 10. september 2020.

03.07.2020

Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Sogn og Fjordane

I Kontrollkommisjonen for Sogn og Fjordane er det frå 1. januar 2021 ledig verv som vara lekmedlem med  helse- eller sosialfagleg bakgrunn. Søknadsfristen er 10. september 2020.

03.07.2020

Ledige verv i Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Midhordland og Sotra – ny utlysing

I Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Midhordland og Sotra er det frå 1. januar 2021 ledige verv som legekyndig medlem, lekmedlem med helse- eller sosialfagleg bakgrunn og vara for lekmedlem. Søknadsfristen er 10. september 2020.

03.07.2020

Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Haukeland – ny utlysing

I Kontrollkommisjonen for Haukeland er det frå 1. januar 2021 ledige verv som legekyndig medlem. Søknadsfristen er 10. september 2020.

03.07.2020

Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Sunnhordland, Hardanger og Voss - ny utlysing

I Kontrollkommisjonen for Sunnhordland, Hardanger og Voss er det frå 1. januar 2021 ledige verv som vara for legekyndig medlem. Søknadsfristen er 10. september 2020.

02.07.2020

Arbeidsmiljøet til barna blir ikkje sikra gjennom kommunane sine tilsyn

Eigarar og leiarar av barnehagar og skular skal sikre gode inne- og utemiljø for barna, og kommunane fører tilsyn med barnas «arbeidsmiljø». 

Fleire nyhende Få nyheitsvarsel