Søknad om tilskot til trus- og livssynssamfunn 2019

Frist for å sende inn krav er 1. mars 2019.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.02.2019

Fristen kan ikkje fråvikast. Vi vil avvise krav som vert sendt inn etter at fristen er gått ut. Du skal bruke kravskjemaet i høgremenyen. Du kan laste ned skjema og fylle ut skjemaet digitalt, men det må signerast før innsending. Bankkontonummeret også førast opp i kravskjemaet. Kravskjema i ulike format er også tilgjengelege på Kulturdepartementet sine sider.

Satsen for utrekning av statstilskotet for 2019 er enno ikkje fastsett. Satsen vil bli kunngjort på Kulturdepartementet og Fylkesmannen sine nettsider, vanlegvis innan utgangen av april. Kulturdepartementet vil også leggje ut nærare orientering om korleis satsen er fastsett på sine nettsider. 

Frist for innsending av årsmelding og rekneskap for motteke tilskot i 2018 er sett til 10. april 2019. I høgremenyen finn du malar for årsmelding på nynorsk og bokmål. Det er frivilleg om du vil nytte desse malane, men pass på at alle relevante opplysningar kjem med ved innsending av årsmeldinga.

MERK: Medlemslister må sendast inn i digital lesbar versjon, anten på CD eller minnepinne, jf. pkt. 3.2 i rundskriv V-002/19B frå Kulturdepartementet. Merk at diskett ikkje lengar kan nyttast. Krav med medlemslister i papirversjon blir avvist.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.