Separasjon og skilsmisse

Oppdatert 22.01.2024

Ektefeller som ønskjer å gå frå kvarandre, kan søkje digitalt om separasjon og skilsmisse. Statsforvaltaren behandlar søknaden.

Ønskjer du å skiljast, må du først søkje om separasjon dersom du og ektefellen din framleis bur saman eller har budd frå kvarandre i mindre enn to år. 

Du kan velje å sende inn søknaden digitalt, eller fylle ut eit papirskjema. Digital søknad hentar automatisk nødvendige opplysningar, og gjer det raskare å fylle ut søknaden. 

Dersom du allereie er skilt eller separert og berre treng dokumentasjon på dette, kan du klikke her for å bestille kopi av løyvet

Vis meir

Telefontid

Vi har telefontid måndag til fredag mellom kl. 10 og 14.

Telefonnummer: 57 64 30 00

Får du ikkje tak i oss, kan du sende ei melding så kontaktar vi deg så snart som mogeleg. Du kan sende melding her: www.statsforvaltaren.no/melding

Postadresse – søknad om godkjenning av utanlandsk separasjon og skilsmisse

Søknadsskjema og tilhøyrande dokument skal sendast til:

Statsforvaltaren i Vestland
Postboks 7310
5020 Bergen

Du finn søknadsskjema og meir informasjon her

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 03.09.2020, Sist endra 13.01.2023

Gangen i ei separasjon- og skilsmissesak

Skal du sende inn ein søknad om separasjon eller skilsmisse og er usikker på saksgangen? Her gir vi deg ei kortfatta oversikt.


Publisert 15.04.2020

Fritak frå å dokumentere skifte når du skal gifte deg på nytt

Dersom du ønskjer å inngå ekteskap på nytt må du gi opplysningar til skatteetaten om at det er gjennomført skifte etter tidlegare ekteskap, partnarskap eller sambuarskap. Når særlege grunnar talar for det kan Fylkemannen gje fritak frå kravet om å dokumentere skiftet.


Publisert 24.03.2020

Familievernkontora opnar att

I første omgang får familiar som treng det, eit tilbod om hjelp via telefon. Sentralbordet til familievernkontor i alle regionar skal vere opne frå i dag.