Vil gi eldre eit nasjonalt talerøyr

Regjeringa vil ha eit meir aldersvenleg Noreg, og etablerer derfor eit nasjonalt eldreombod.

Eldreombodet vil gi merksemd om eldre sine behov, styrke eldreomsorga og gi eldre eit talerøyr. Ombodet skal vere sjølvstendig og fagleg uavhengig, på same måte som Barneombodet.

Etter planen blir eldreombodet etablert i 2020 og blir lokalisert i Ålesund. Der blir Senter for et aldersvennlig samfunn også samlokalisert. Helsedirektoratet vil ha ansvar for senteret.

Les meir om eldreombodet på regjeringa.no.