Korleis få Leve heile livet inn i samfunnsplanlegginga?

Reforma legg opp til at kommunane set Leve heile livet på dagsorden, analyserer eigne utfordringar og utformar løysingar i planverket. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.06.2020

Vi er no inne i fase to i reforma, der det blir lagt opp til at  kommunane vedtar politisk korleis løysingane i Leve heile livet kan utformast lokalt og innarbeidast i planverk. Dette bør gjerast ut frå analyse av eigne utfordringar og behov.  

Inn i planverket

Kommunane skal vedta korleis Leve heile livet kan utformast i planverk. Dette gjeld kommuneplanen sin handlingsdel med økonomidel, men også i kommunedelplan for helse og omsorg. For at Leve heile livet skal bli ei prioritert sak i arbeidet med kommuneplanen,  bør det også drøftast i planstrategien, heiter det i kapittel 9 i stortingsmeldinga.  

  • Intensjonen med Leve hele livet utfordrar alle tenestene i kommunen og vil meir eller mindre forutsette bidrag frå alle tenesteområde 
  • Tidleg involvering av kommunen sin sentrale planleggingskompetanse kan verte avgjerande for at kommunen lukkast med arbeidet 

Folkehelsearbeid og ressursportal 

Sentralt i arbeidet med å analysere eigne utfordringar og behov er kommunen si folkehelseoversikt. Oversikta over helsetilstanden i befolkninga, identifiserer kommunen sine folkehelseutfordringar, og skal inngå som grunnlag for planstrategi og vidare mål og strategiar i kommuneplanen.   

Rettleiaren om systematisk folkehelsearbeid er nyttig i arbeidet. 

Gode data er sentralt i arbeidet med planarbeidet. Ressursportal er eit nyttig verktøy, som inneheld statistikk og anna informasjon om reforma sine innsatsområde. 

Aldersvenleg planlegging 

Aldersvenleg Norge er eitt av dei fem innsatsområda i reforma, som er spesielt aktuelt når kommunane no arbeider med planstrategiar og  kommuneplanar. 

Ei aldrande befolkning gjer det naudsynt å planlegge og utvikle meir aldersvenlege samfunn med helsefremjande og universelt utforma bumiljø. Dette er tema som kommunane kan ta med seg kommuneplanarbeidet - frå folkehelseoversikt, gjennom planstrategi og kommuneplanen sin samfunns- og arealdel og i handlings- og økonomiplan.  

Til dømes kan kommunen stille krav til bustadstorleik og nærområde i planlegging av bustader for eldre, og legge universell utforming som premiss og mål for all planlegging. Ein inkluderande infrastruktur seinkar terskelen for å delta i samfunnet - dette er til dømes gangvegar, benkar, transportordningar, teknologi og lyssetting. Kommunen kan også legge til rette for uformelle og tilgjengelege sosiale møteplassar som kan nyttast på tvers av generasjonar.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.