Korleis skal vi planlegge for eit aldersvenleg samfunn?

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto (Foto: Nikoline Arns/Unsplash)

Bli med på Leve heile livet-konferanse i Førde 28. november eller Bergen 3. desember!

I 2040 vil meir enn kvar tredje innbyggar i mange distriktskommunar kunne vere over 65 år, og på nasjonalt nivå blir talet på dei som er 80 år dobla fram mot 2040, ifølgje stortingsmeldinga Leve hele livet - En kvalitetsreform for eldre. Korleis skal vi planlegge samfunnet vårt ut frå dette? 

Bli med på Leve heile livet-konferanse

Fylkesmannen i Vestland og regionalt støtteapparat for reforma inviterer til konferanse der vi ønsker å inspirere til korleis ein kan planlegge for eit aldersvenleg lokalsamfunn, og korleis vi kan skape samarbeid og samskaping mellom frivillig arbeid, næringsliv og kommunar.

Her finn du påmelding til konferanse i Førde 28. november 

Her finn du påmelding til konferanse i Bergen 3. desember. 

Aldersvenlege lokalsamfunn og samarbeid 

På konferansen får du mellom anna lære meir om kva dei frivillige organisasjonane og næringslivet kan bidra med, aldersvenleg stadutvikling frå eit arkitektperspektiv, og kva dei eldre sjølve ønskjer.

Du får også lære meir om korleis ein kan koordinere frivillig innsats, seniorprosjektet Helgetun, samfunnsplanlegging i den nye storkommunen Alver og korleis fylkeskommunen legg opp kollektivtransporten.

Fullstendig program, som er likt for begge konferansane, finn du under «Dokument». 

Vel møtt!