Leve heile livet

Oppdatert 28.02.2024

Reforma «Leve heile livet» er gjennomført, men arbeidet med å skape aldersvenlege lokalsamfunn held fram. I satsinga «Fellesskap og meistring – bu trygt heime» er målet å skape eit aldersvenleg samfunn prega av openheit, tryggleik og fellesskap. Det overordna målet er å bidra til at eldre kan bu trygt heime lengst mogleg.

Satsinga er tverrfagleg og har fire innsatsområde:

  • levande lokalsamfunn
  • bustadtilpassing og planlegging
  • kompetente og myndiggjorte medarbeidarar
  • tryggleik for brukarar og støtte til pårørande

Alt det gode arbeidet som er gjort i «Leve heile livet», skal vidareførast inn i «Bu trygt heime». Helsedirektoratet jobbar med ein nasjonal handlingsplan for korleis fleire eldre kan bu trygt og godt i eigen bustad lengst mogleg.

Dialogmøte og læringsnettverk

Statsforvaltaren har hatt ei sentral rolle i å koordinere arbeidet knytt til «Leve heile livet». Statsforvaltaren har gitt alle kommunar tilbod om dialogmøte og sytt for at alle kommunar vart inviterte inn i læringsnettverk. Statsforvaltarane er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med. Vi har ikkje fått oppdrag i den nye satsinga enda. 

Vis meir

Leve heile livet som embetsprosjekt hos Statsforvaltaren 2020-2022

Prosjektet skal bidra til at kommunane møter endringane i befolkningssamansetninga på ein måte som gjer at vi kan leve gode liv så lenge som mogleg.

Statsforvaltaren vil bidra til 

  • at kommunane utformar gode, tilpassa tiltak og løysingar for arbeidet i eigne planar 
  • tett og godt samarbeid mellom sektorar i kommunane og hos Statsforvaltaren 
  • aktive og medverkande eldre i kommunane, og gode, tilrettelagte tilbod 
  • godt og systematisk arbeid med kompetanseheving, kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik i kommunane 
  • god dialog og likeverdig samarbeid mellom regionalt støtteapparat i fylket 

Det vert tilbod om støtte og rådgjeving til utvikling, iverksetting og evaluering av lokalt planarbeid og tilrettelegging av nettverk og møteplassar med kommunane, fylkeskommunen og  spesialisthelsetenesta. 

Prosjektgruppa hos Statsforvaltaren består Anne Eli Wangen (helse, oppgåveansvarleg), Janne Weltzien Listhaug (helse), Ragna Flotve (landbruk)Beate Helland (helse) og Siri Erdal (kommune og samfunn). 

I tillegg til det regionale støtteapparatet, har vi også ei koordineringsgruppe der fylkeseldrerådet i Vestland, Senter for omsorgsforsking og Vestland fylkeskommune også er med. 

Eit viktig grep i Leve heile livet-reforma er at kommunane deltek i nettverk for erfaringsdeling og læring. Vi har samla aktuelle nettverk for kommunane under.

Her kan du lese informasjonsbrev med nyhende frå Leve heile livet-arbeidet i Vestland:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 27.09.2022

Leve heile livet-konferansane

«Frå samarbeid til samskaping», er den raude tråden på Leve heile livet-konferansane i Vestland denne hausten.


Publisert 08.09.2022

Nominasjon til den nasjonale Leve hele livet-prisen frå Vestland

Det regionale støtteapparatet for Leve hele livet har nominert Øygarden til den nasjonale prisen for 2022.


Publisert 25.08.2022

Nytt frå Leve heile livet-satsinga i Vestland

I det nye informasjonsbrevet kan de lese meir om relevant informasjon for Leve heile livet-arbeidet i Vestland.


Publisert 15.08.2022

Fagnettverk for tenester til personar med utviklingshemming

Utviklingssentera for sjukeheim og heimetenester (USHT) i Sogn og Fjordane og Hordaland inviterer til deltaking i CRPD-nettverket, eit fagnettverk for tilsette i kommunale tenester til personar med utviklingshemming.


Publisert 12.08.2022

Korleis måle effektar og resultat av lokale tiltak i Leve heile livet-reforma?

Statsforvalteren i Trøndelag etter oppdrag frå Helsedirektoratet har utarbeidd ein rettleiar for korleis kommunane kan følgje opp lokale tiltak i gjennomføringa av Leve heile livet-reforma.


Publisert 09.08.2022, Sist endra 09.08.2022

Kva kommune bør få Leve hele livet-prisen i 2022?

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet-arbeidet i Vestland inviterer deg til å nominere kandidatar til årets Leve hele livet-pris. Forslag kan du sende til oss innan 18. august.


Publisert 29.06.2022, Sist endra 25.04.2023

Nettverk for aldersvenlege samfunn i Vestland

Det regionale nettverket skal vere ein fellesarena der kommunane i Vestland kan dele erfaringar og utfordringar, og etablere samarbeid på tvers. Alle kommunane er velkomne til å delta.


Sist endra 06.01.2023

Sjå opptak av konferansen "Ein bustad for heile livet"

Konferansen blei arrangert i Bergen 31. mai. Om du ikkje fekk han med deg, kan du sjå opptak her. 


Publisert 20.04.2022

Revidert retningslinje for førebygging og behandling av underernæring

I den reviderte retningslinja anbefaler Helsedirektoratet eit nytt verktøy som skal gjere det lettare for helsepersonell å vurderer risikoen for om pasienten er i risiko for underernæring.


Publisert 11.03.2022

Undervegsrapport frå Leve heile livet

Undervegsrapporten Leve hele livet i kommunene undersøkjer korleis kommunane forstår, vurderer og arbeider med reforma.