Leve heile livet

Reforma «Leve heile livet» skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger og vere trygge på at dei får god hjelp når dei treng det. Kvalitetsreforma for dei eldre skal handle om fellesskap, aktivitet, mat og helsehjelp.

Målet med reforma skal vere fleire gode leveår der eldre menneske har god helse lenger og i større grad meistrar eige liv.

Aldersvenlege samfunn

Eldre skal kunne leve gode liv, uavhengig av helseproblem og helsetilstand. Reforma er særleg retta mot helse- og omsorgssektoren, men alle sektorar må bidra for å skape aldersvenlege samfunn.

Fylkesmannen har ei sentral rolle i å koordinere reformarbeidet. I 2019 skal fylkesmannen blant anna gi alle kommunar tilbod om dialogmøte og sørge for at alle kommunar blir inviterte til å delta i læringsnettverk. Fylkesmennene er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med.

Vis meir


26.09.2019

Korleis skal vi planlegge for eit aldersvenleg samfunn?

Bli med på Leve heile livet-konferanse i Førde 28. november eller Bergen 3. desember!

25.09.2019

Nytt tilskot skal styrke måltidsopplevinga for eldre

Frå 1. oktober kan kommunar søke om tilskot til lokalkjøken i sjukeheimar og omsorgsbustader.

13.09.2019

Nye rettleiarar for råd for ungdom, eldre og menneske med funksjonsnedsettingar

Alle kommunar og fylkeskommunar pliktar å opprette råd for ungdom, for eldre, og for personar med funksjonsnedsetting. Nye rettleiarar er no lansert for desse medverknadsråda.

29.08.2019

Vil gi eldre eit nasjonalt talerøyr

Regjeringa vil ha eit meir aldersvenleg Noreg, og etablerer derfor eit nasjonalt eldreombod.

19.08.2019

Leve hele livet - reformarbeidet er i gang

Dialogmøte med kommunane om Leve hele livet-reforma er gjennomført med stor interesse og engasjement. Fleire av kommunane i fylka er godt i gang med reformarbeidet.