H.M. Dronning Sonja deltok på opninga av Festspillene i Bergen

H.M. Dronninga helser på styreleiar i NMF Hordaland, Eivind H. Hermansen.
H.M. Dronninga helser på styreleiar i NMF Hordaland, Eivind H. Hermansen. (Foto: Maria Nesse Haugen / Fylkesmannen i Vestland)

Dronninga deltok i går på Festspillenes opningsseremoni. Det er 33. gongen dronninga legg turen til Bergen i høve festivalen.

Opningsseremonien vart i år arrangert på Edvard Griegs plass. Der vart dronninga teken imot av stortingspresident Tone Wilhelmsen, fylkesmann Lars Sponheim, ordførar Marte Mjøs Persen og visepolitimeister Ida Melboe Øystese.

Ved ankomsten fekk dronninga høyre unge korpsmusikantar frå Os Skulekorps, Lyderhorn Skolebrass og Bønes Skolekorps.

Ved ankomsten fekk dronninga høyre unge korpsmusikantar frå Os Skulekorps, Lyderhorn Skolebrass og Bønes Skolekorps. (Foto: Maria Nesse Haugen / Fylkesmannen i Vestland)

Dronninga var også til stades under opningsførestillinga i Grieghallen om kvelden.