Kongelege besøk

Kongefamilien gjer ei rekkje offisielle reiser og besøk både i Noreg og i utlandet. Fylkesmannen har i oppgåve å førebu, gjennomføre og evaluere kongeleg besøk i samråd med Det kongelege hoff. Ansvaret vårt gjeld kongelege reiser og besøk av offisiell karakter her i landet. 

Presseprogram og akkreditering

Ein viktig del av oppgåva vår er å leggje til rette for at media skal få gode arbeidsvilkår når kongefamilien kjem på besøk eller deltek på arrangement. I samråd med hoffet lagar vi eit medieopplegg for journalistar og fotografar. Journalistar og redaksjonar som ønskjer å dekkje det kongelege besøket, må søkje om akkreditering. Akkreditering skjer som regel via eit digitalt skjema på Fylkesmannens nettsider. Akkrediterte journalistar og fotografar får tilgang til eigne presseområde.

Nokre gonger er det av plassomsyn nødvendig å bruke pressepool eller fotopool. Det vil seie at nokre få av dei akkrediterte får vere til stades mot at dei deler materialet sitt med andre akkrediterte journalistar og redaksjonar. Når vi brukar pool, følgjer vi Norsk Presseforbunds poolreglement.

Invitasjonar

Arrangørar som ønskjer å invitere medlemmer av kongefamilien, blir bedne om å sende invitasjonen til Fylkesmannen i det aktuelle fylket. Dette gjeld arrangement utanfor Oslo. Fylkesmannen bringar invitasjonen vidare til hoffet, som saksbehandlar invitasjonen.

Vis meir


28.05.2019

Presseinvitasjon til DD.MM. Kongen og Dronninga sin fylkestur i Hordaland

DD.MM. Kongen og Dronninga besøkjer Hordaland 18.–20. juni 2019. Alle journalistar og fotografar som ønskjer tilgang til besøksstadane, må vere akkrediterte hos Fylkesmannen i Vestland.

23.05.2019

H.M. Dronning Sonja deltok på opninga av Festspillene i Bergen

Dronninga deltok i går på Festspillenes opningsseremoni. Det er 33. gongen dronninga legg turen til Bergen i høve festivalen.


Lenkjer