Når og korleis Statsforvaltaren yter fri rettshjelp

Ifølgje rettshjelplova § 1 er fri rettshjelp ei sosial støtteordning med føremål å sikre naudsynt juridisk bistand til personar som ikkje sjølv har økonomiske føresetnadar for å kunne i vareta eit rettshjelpbehov av stor personleg og velferdsmessig betydning

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.09.2020, Sist endra 06.01.2021

Statsforvaltaren si rolle i rettshjelpssamanheng er å vurdere om staten skal betale for rettshjelpa. Sjølve rettshjelpa er det advokaten som gir.

I dei tilfella der du kan få juridisk bistand gjennom andre offentlege ordningar eller få erstatta rettshjelp på andre måtar, vil det ikkje vere høve til å få betalt rettshjelp av staten. Dette gjeld spesielt i dei tilfella der du kan få hjelp av offentlege organ i saka di. Det offentlege har opplysings- og rettleiingsplikt og skal hjelpe deg med til dømes å klage på eit vedtak. Andre tilfelle der du ikkje har rett på betalt rettshjelp frå staten, er når du har ei forsikring eller fagforeining som kan gje deg rettshjelp, familiekontor som kan mekle i samverssaker, saker for Forliksrådet og Husleietvistutvalget. Dette er ikkje ei uttømmande liste. Kan ikkje desse organa hjelpe deg kan det vere høve til å søke om fri rettshjelp til Statsforvaltaren.

Når Statsforvaltaren skal ta stilling til om staten skal betale for rettshjelpa brukar vi regelverket i rettshjelplova, tilhøyrande forskrifter og rundskrivet til Statens sivilrettsforvaltning. Vi vurderer om sakstypen er prioritert i rettshjelpssamanheng. Ein prioritert sakstype vil sei at dette er ein sakstype som er nedskriven i regelverket som ein type sak som staten skal betale for rettshjelpa. Dei sakstypane som ikkje er nemnt i regelverket kallar vi uprioriterte og må vurderast særskilt. Det skal mykje til for å få fri rettshjelp i uprioriterte saker.

Når Statsforvaltaren har vurdert om det er ein prioritert sakstype må vi sjå på om saka er behovsprøvd. For enkelte sakstyper har du rett på fri rettshjelp uavhengig av din økonomi. For andre sakstyper er det eit krav til din økonomi. Har du bruttoinntekt og nettoformue under eit visst nivå vil du ha rett på fri rettshjelp. Har du over dette nivået må du søke om økonomisk dispensasjon. Har du barn eller saka er spesielt tidkrevjande og komplisert kan det vere grunnlag for å gje økonomisk dispensasjon.

Statsforvaltaren går ikkje inn i sjølve saka og vurderer tvisten eller rettskravet. Vi tek ikkje stilling til om du har rett eller galt i saka, vi ser berre på sjølve sakstypen og om den kvalifiserer til fri rettshjelp.

Å vurdere tvisten og rettskravet er advokaten sin jobb. Det er dette arbeidet staten betalar for når det vert gitt fri rettshjelp.

Mange vel å gå direkte til advokat slik at advokaten kan hjelpe til med å søke om fri rettshjelp. Det kan i enkelte situasjonar vere enklare å få hjelp frå nokon som veit kva som trengst i ein slik søknad. Advokaten kan i enkelte saker sjølv avgjere om du har rett på fri rettshjelp, og kan gå i gang med arbeidet med ein gang.

Alternativt kan du søke om fri rettshjelp direkte til Statsforvaltaren. På vår heimeside finn du søknadsskjema for privatpersonar. Dersom du får innvilga fri rettshjelp kan du ta med vedtaket frå Statsforvaltaren til ein advokat som du sjølv vel og be advokaten hjelpe deg i samsvar med vedtaket.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.