Apostillestempel på dokument

Oppdatert 21.03.2024

Legalisering er ein formalitet som kan vere nødvendig for at eit dokument utarbeidd av norske styresmakter skal få rettsvirkning i utlandet. Hos Statsforvaltaren kan dokumenta dine få eit apostillestempel, som er ei forenkla legalisering.

Kva er legalisering og apostille?

Kva land skal du bruke dokumenta i?

Krav til dokument som skal ha apostillestempel

Døme på dokument vi IKKJE kan gje apostillestempel

Slik går du fram for å få apostillestempel på eit dokument

Kva er legalisering og apostille?

Når du får legalisert eit dokument betyr det at du får stadfesta underskrifta til ein offentleg funksjonær, og at du også får ei stadfesting på at vedkommande har stillinga som er oppgitt i dokumentet. Du får dessutan stadfesta at vedkommande i kraft av stillinga si har rett til å underskrive eit slikt dokument.

Ei legalisering er betyr ikkje at du får dokumentasjon på at innhaldet i dokumentet er rett.

Statsforvaltaren kan gi dokumenta dine eit apostillestempel, som er ei forenkla legalisering. Utanlandske dokument må legaliserast i det landet dei er skrivne i.

Kva land skal du bruke dokumenta i?

Statsforvaltaren legaliserer dokument som skal brukast i dei landa som har slutta seg til apostillekonvensjonen. Dette er lista over land som er partar i Haag-konvensjonen om apostille.

Det er berre dokument i original, eller rett kopi stadfesta av offentleg styresmakt, som kan få apostillestempel. Mange dokument må først ha stadfesting hos notarius publicus før du kan få apostillestempel på dokumentet. Dette gjeld til dømes dokument som er skrivne eller stadfesta av statsautoriserte translatørar. Det same gjeld dokument som er skrivne av andre private yrkesutøvarar med autorisasjon frå det offentlege, til dømes advokatar, helsepersonell og revisorar. 

Mange dokument frå offentleg forvalting kan få apostillestempel utan at du må gå via notarius publicus. Dette gjeld til dømes dokument som har løvestempel og signatur frå skattekontor, politi, handelskammer osv. 

I Noreg er det tingrettane som er notarius publicus.

Krav til dokument som skal ha apostillestempel

For at vi skal kunne apostillestemple eit dokument, må dokumentet ha:

  • namn og tittel til vedkommande som har signert dokumentet, anten med trykte bokstaver eller blokkbokstavar
  • signatur (helst med blå penn)
  • embetsstempelet (som regel løvestempel) til den offentlege instansen som har skrive ut dokumentet

Statsforvaltaren kan ikkje hjelpe til med å omsetje til andre språk, men nokre offentlege instansar gir deg fleirspråklege attestar dersom du ber om det.

Det er Utanriksdepartementet som legaliserer dokument for bruk i alle land som ikkje er part i Haag-konvensjonen om apostille. Dokument som skal brukast i Norden, treng ikkje apostillestempel. Her er det nok med ei notarialstadfesting.

Døme på dokument vi IKKJE kan gje gje apostillestempel

Det er ikkje alle dokument som kan få eit apostillestempel:

  • ikkje e-postar/digitale dokument
  • ikkje kopi av dokument som manglar stadfesting frå tingretten (notarius publicus)
  • ikkje utanlandske dokument som pass og liknande
  • ikkje dokument frå land som ikkje har underteikna Haag-konvensjonen om apostille

Slik går du fram for å få apostillestempel på eit dokument

Dokument som treng apostille, kan du anten sende til Statsforvaltaren per post eller levere i resepsjonen. Du kan ikkje bruke e-post, faks eller liknande. Dersom du sender dokumenta i posten, ber vi om at du i eit følgeskriv opplyser:

  • kva land dokumenta skal brukast i
  • adressa vi skal bruke når vi sender dokumentet tilbake til deg
  • telefonnummer vi kan nå deg på dersom vi treng å kontakte deg

Denne tenesta frå Statsforvaltaren er gratis.

Vis meir

For å få apostillestempel på eit dokument hjå Statsforvaltaren i Vestland kan du anten avtale time ved ein av kontorstadane våre, eller sende dokumentet i posten. Vi har apostille-timar måndag til fredag klokka 09–14. Slik bestiller du time:

Bergen

Ring 55 57 20 50 for å avtale tid. Merk at servicesenteret i Bergen stenger klokka 12 på fredagar. 

Leikanger

Ring 57 64 30 06 for å avtale tid.

Førde

Ring eit av desse telefonnummera for å avtale tid: 57 64 30 61, 57 64 30 65, 57 64 30 63 eller 57 64 30 72. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 18.04.2024

Stengt for apostille

Det vil ikkje vere mogleg å få apostille ved kontoret vårt på Leikanger frå måndag 22. april til onsdag 24. april.


Apostillestempel

Dokument som treng apostillestempel kan sendast til

Statsforvaltaren i Vestland
Postboks 7310
5020 Bergen

eller

Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2
6863 Leikanger.

Besøksadresser finn du her.