Tilsyn

Fylkesmannen gjennomfører tilsyn på barnehage- og opplæringsområdet.
Fylkesmannen gjennomfører tilsyn på barnehage- og opplæringsområdet.

Regelverket gir barnehagane og skulane felles rammer og mål for eit trygt, godt og likeverdig barnehage- og opplæringstilbod.

Tilsyna våre skal sikre at kommunane og fylkeskommunen oppfyller krava i regelverket.

Vi vurderer risiko

Når Fylkesmannen skal velgje ut kommunar, skular, tidspunkt og tema for tilsyn, baserer vi oss på risikovurderingar. Det betyr at vi vurderer om det er sannsynleg at det førekjem brot på regelverket, og kor alvorleg konsekvensane av brota kan bli. Når tilsyna er basert på vurdering av risiko, vil det som regel verte avdekka brot på regelverket i tilsyna.

Ulike typar tilsyn

Minimum halvparten av tilsyna våre skal vere felles nasjonalt tilsyn. Dette er tilsyn der omfang og tema er bestemt frå sentralt hald og speglar nasjonale satsingar. Det er likevel vårt ansvar å gjennomføre risikovurderingar, for å velje ut kva kommunar og skular som skal gå inn i kontrollen.

Den andre halvparten er eigeninitierte tilsyn der Fylkesmannen sjølve vel ut kommunar, skuler og tilsynstema. Nokre av desse tilsyna er planlagde på lengre sikt, basert på kjende risikoar. Andre blir gjennomførte som følge av ei konkret hending og temaet er direkte knytt til forhold som har skjedd.

Ved oppfølgingstilsyn kontrollerer Fylkesmannen at kommunen eller fylkeskommunen ikkje har gjennomført endringar eller har gått attende til ein praksis som er i strid med regelverket.

Eit tilsyn kan vere anten skriftleg eller stadleg. Ved eit skriftleg tilsyn baserer undersøkingane og vurderingane seg berre på̊ skriftleg dokumentasjon frå kommunen. I stadlege tilsyn blir den skriftlege dokumentasjonen supplert av intervju og/eller synfaring.

Vi skriv ein rapport

Når Fylkesmannen gjennomfører tilsyn, utarbeider vi først ein førebels tilsynsrapport, som kommunen kan kommentere og gi tilbakemelding på̊. Etter dette skriv vi ein endeleg tilsynsrapport.

Dersom det er avdekka brot på̊ regelverket, får kommunen ein frist til å endre praksisen som er i strid med regelverket. Dersom kommunen ikkje har endra den ulovlege praksisen innan fristen, gjer vi et eige vedtak med krav eller pålegg om retting.

Tilsynsrapportane våre er offentlege og blir publisert på tilsynskalenderen vår.

Kven gjer kva i tilsynsarbeidet?

Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for tilsyn med barnehagar og skular i Noreg. Fylkesmannen gjennomfører tilsyn med offentlege skular. Utdanningsdirektoratet har ansvar for å føre tilsyn med private skular.

På barnehageområdet har vi tilsyn med kommunens ansvar som barnehagemyndigheit. Kommunane har sjølve ansvar for å kontrollere at både dei kommunale og private barnehagane følgjer regelverket.


Utdanningsdirektoratet set rammer for, og koordinerer fylkesmennenes tilsynsarbeid. Direktoratet set krav til omfang og korleis tilsyna vert gjennomført.