Skule- og barnehagetilbod og foreldrebetaling

Her finn du informasjon om skule- og barnehagetilbod og foreldrebetaling i samband med koronasituasjonen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.03.2020

Denne informasjonen vart lagt ut i perioden der barnehagar og skular var stengt. Du finn aktuell og oppdatert informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Regjeringa har vedteke at alle landets barnehagar og skular førebels er stengde grunna korona (covid-19) frå 12. mars til 14. april. Perioden kan bli forlenga. Skuleeigar og barnehageeigar har i samband med dette eit ansvar for å sikre at barn av personell med kritiske samfunnsfunksjonar og barn med særskilte omsorgsbehov får eit tilbod på skulen og i barnehagen. Eigar må kartleggje kven dette er aktuelt for, og syte for at det er eit tilbod på den skulen eller barnehagen der barnet går. Dette gjeld for eigarar av friskular på same måte som i kommunale skular.

Skule- og barnehagetilbod til barn med særskilte omsorgsbehov

Helsedirektoratet sine retningslinjer for stenging av skule og barnehage gjer unnatak for barn og unge med særskilte omsorgsbehov.

Kvar skule og barnehage må gjere konkrete og individuelle vurderingar av kva for nokre barn som skal få eit slikt tilbod. Moment i denne vurderinga kan vere om dei har store fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, er omfatta av hjelpetiltak og andre faktorar i barnet sin omsorgssituasjon. I desse tilfella vil både foreldre/føresette, helsesjukepleierar og kommunalt barnevern kunne vere viktige kjelder til informasjon om korleis barna sin omsorgssituasjon er. Situasjonen for desse barna vil og kunne bli meir alvorleg etter som tida går. Sjå nettsidene til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) for nærare informasjon om andre barn og unge som og kan ha særskilte omsorgsbehov.

Skuleeigar og skular må ha ein restriktiv praksis for å hindre spreiing av smitte. Skuleelevar har rett til både eit omsorgstilbod og eit opplæringstilbod. Dette gjeld og for elevar i vidaregåande opplæring. Skuleeigar må sikre at opplæringstilbodet er trygt og godt.

Barnehagar skal gje barn tryggleik og hjelp i ein ny og annleis kvardag. Utdanningsdirektoratet har kome med råd til leiarar av barnehagar om korleis dei kan gjere dette. Dei rådar til jamleg kontakt med heimen, og gjerne direkte med barna om det er mogeleg. Det er og viktig at dei barna som er mest sårbare får eit tilbod. Les fleire råd til barnehageleiarar på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

De finn meir utfyllande informasjon om skule- og barnehagetilbodet på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Skule- og barnehagetilbod til barn av føresette med kritisk samfunnsfunksjon eller verksemdkritisk oppgåve

Skule- og barnehageeigar har ansvar for å gje eit tilbod til barn som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver.

Av omsyn til smittevern er terskelen for å få slikt tilbod høgt. Det er to moglegheiter for å få eit tilbod:

  1. Føresette har kritisk samfunnsfunksjon
  2. Føresette har andre verksemdkritiske oppgåver (til dømes reparere teknisk utstyr på sjukehus).

For både punkt 1 og 2 gjeld desse vilkåra:

  • barnet skal vere under 12 år
  • barn som bur med to føresette der begge dei føresette har kritiske samfunnsfunksjonar og/eller andre verksemdkritiske oppgåver
  • det finnes ikkje andre moglegheiter for barnepass
  • arbeidsgjevar må på førespurnad kunne bekrefte at føresette har kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdkritiske oppgåver

Kritisk samfunnsfunksjon

Beredskapsutvalet i Helsedirektoratet vurderer at følgande 15 funksjoner er kritiske for samfunnet:

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-tryggleik i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningstryggleik
  • Vann og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apotek

Tilsette i barnehagar og tilsette på 1. – 4. trinn i skolen er frå 13. april 2020 regna som viktig personell i handteringa av koronakrisa. Dei kan difor også få tilbod om plass.

Det er no tilstrekkeleg at éin av dei føresette arbeider i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod. Der barnet ikkje bur saman med begge foreldra/føresette, men der den eine føresette er i samfunnskritisk funksjon, kan det også bli gjeve tilbod om plass.

Les meir om dette på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Tilbodet for barn med føresette i kritisk samfunnsfunksjon eller verksemdkritisk oppgåve skal vere for barn opp til 12 år.

Det er noko ulik praksis frå kommune til kommune når det gjeld kva for nokre barn som får tilbod på skulen. Sjølv om kommunen må ha ein restriktiv praksis for å hindre spreiing av virus, er til dømes det å avgrense tilbodet til 1.- 4. klasse, ikkje i tråd med retningslinene. Vi viser elles til Utdanningsdirektoratet sine heimesider for meir informasjon om retningslinjene.

Barn under omsorg av foreldre med psykisk liding og/eller rusliding skal framleis få tilbod om barnehage, skule eller anna dagtilbod.

Ved stenging av skular og barnehagar, vil barn av psykisk sjuke (og dei med rusproblematikk) vere med foreldra gjennom døgnet. Det er bekymring at desse foreldra ikkje vil meistre døgnkontinuerleg omsorgsbyrde og at det er auka fare for omsorgssvikt og symptomtrykk hos foreldra.

Helsedirektoratet tilrår at det blir gjort tydeleg overfor skuleleiinga og barnehagestyrar i kommunane at barn av psykisk sjuke og dei med rusliding, får høve til å vere på skulen og i barnehagen på lik linje med barn av personar med samfunnskritiske oppgåver. Denne vurderinga kan også skje ved at kontaktlærar og pedagogisk leiar som kjenner barnet og familien, kontaktar desse og seier at barnet skal komme til skulen/barnehagen.

Sjå Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet sine nettsider for meir informasjon.

Foreldrebetaling for barn i barnehage og SFO

Regjeringa har bestemt at foreldre slepp å betale for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengt grunna koronautbrotet. Foreldre som mottar tilbod etter unntaksreglane skal heller ikkje betale for barnehage og SFO, så lenge det ordinære tilbodet er stengt grunna konorautbrotet. Barnehagane får kompensert tapet fullt ut av staten. I tillegg skal barnehagane framleis få utbetalt det vanlege tilskotet frå kommunen. Slik unngår vi permitteringar i barnehagane.

Når barnehagane og SFO gradvis opnar igjen, blir det foreldrebetaling som vanlig. Foreldre skal betale frå den dagen dei igjen får tilbod om plass. Barn som allereie har eit tilbod i barnehagen eller i SFO, skal betale frå 14. april.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.