Påskeopne barnehagar og skular

Regjeringa og partane i arbeidslivet vil sikre at sårbare barn, og barna til tilsette i kritiske samfunnsfunksjonar, får tilbod i heile påska.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.04.2020

Denne informasjonen vart lagt ut i perioden der barnehagar og skular var stengt. Du finn aktuell og oppdatert informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Regjeringa oppmodar barnehagar og skular til å halde ope heile påska, også i heilagdagane, dersom det er behov for det. Tilbodet bør særleg rettast mot småbarn i barnehagen og småskulen, men kan og gjelde eldre barn og unge som treng eit tilbod i påska. Avgjerda om kva barnehagar og skular som skal halde ope, må skje lokalt. Skuleeigarar og barnehageeigarar blir oppmoda om å finne gode løysingar som er tilpassa lokale forhold.

Kunnskapsdepartementet har kome med råd om innrettinga av tilbodet og moment som bør takast omsyn til ved etablering av tilbodet. Følg lenkjene i høgre blokk for meir informasjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.