Retten til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning blir vidareført

Det vil også bli sett i gang forsøk i kommunar som vil organisere eit tilpassa og tilrettelagt tilbod på nye og betre måtar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.07.2019

Individuell rett

Ekspertgruppa som var leia av Thomas Nordahl, hadde framlegg om å fjerne den individuelle retten til spesialundervisning. Regjeringa har no likevel bestemt at den lovfesta retten til spesialundervisning skal vidareførast, og det skal også retten til spesialpedagogisk hjelp til born i førskulealder.

Behov for praksisendring

Kunnskapsdepartementet vil lyse ut midlar til kommunane, 5 millionar kroner, for å gjennomføre pilotar med organisering og tilrettelegging av tilbod på nye måtar. Dette vert gjort for å få meir kunnskap om kva som kan vere god inkluderande praksis for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging. Prosjekta vil bli peika ut til hausten.

Sjå lenke til pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet 24. juni 2019.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.