Kompetansepakke for innføring av nytt læreplanverk er lansert

Opplæringsmateriellet skal støtte skuleleiarar og lærarar i arbeidet med å ta i bruk, tolke og forstå det nye læreplanverket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2019

Fleire modular

Kompetansepakken består av ein introduksjonsmodul og fem hovedmodular.
Introduksjonsmodulen er no tilgjengeleg på Udir sine sider via nettsida for kompetansepakken (sjå under).

Udir tilrår alle å gjennomføre introduksjonsmodulen før ein evt. startar arbeidet med første hovedmodul.

Det er skuleeigar eller skuleleiar som avgjer om skulen skal nytte seg av kompetansepakken, og som skal organisere arbeidet med modulane.

Skulane tek utgangspunkt i sine utviklingsbehov, og kompetansepakken kan brukast i desentralisert ordning for kompetanseutvikling. Fagmiljø som samarbeider med og støttar skuleeigarar og skular i deira langsiktige utviklingsarbeid, kan bruke innhaldet i kompetansepakken som utgangspunkt for dialog og eventuell rettleiing.

Oversyn over modulane

  • Modul 1 «Overordnet del – verdiløftet i praksis»: Om fremtidas kompetansebehov, skulen sitt formål og overordna del. Tilgjengeleg frå 1. november 2019.
  • Modul 2 «Læreplaner for fag»: Korleis forstå kompetanse i læreplanane, tekstane i «Om faget», kompetansemål og vurdering som fremjar utvikling kompetansen til elevane. Tilgjengeleg frå midten av desember 2019.  
  • Modul 3 «Dybdelæring»: Bakgrunn for og forståing av omgrepet, djupnelæring og vurderingspraksis. Korleis lære å lære. Tilgjengeleg frå 1. desember 2019.  
  • Modul 4 «Tverrfaglige tema»: Dei tre tverrfaglege tema i overordna del, kva arbeidet med tverrfaglege tema medfører for skulen, og tverrfagleg samarbeid i profesjonsfellesskapet. Tilgjengeleg frå 1. desember 2019.  
  • Modul 5 «Profesjonsfellesskapet»: Kva vert kravd i det vidare arbeidet med læreplanane og korleis kan de vidareutvikle profesjonsfellesskapet på skulen? Tilgjengeleg frå 1. mars 2020. 

Tilgang til kompetansepakken

Kompetansepakken er open og tilgjengeleg for leiarar og eigarar av alle grunnskular og vidaregåande skular, og deira personale.

Det er ingen avgrensingar på kapasitet eller tal deltakarar. Kompetansepakken skal vere skulebasert. Det betyr at utviklingsarbeidet skjer på eigen skule og at alle deltek.

For å tilgang til støttemateriellet for dei nye læreplanane, må FEIDE-ansvarleg åpne for tenesta «Unit Kompetanseportal» i kunde.feide.no

Logg på med FEIDE på kompetanse.udir.no for å komme i gang.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.