Kommunane får ein milliard i kompensasjon for bortfall av foreldrebetaling i barnehage og SFO

Staten utbetaler ein milliard kroner i auka rammetilskot for å kompensere inntektsbortfallet som følgje av stenginga under utbrotet av koronaviruset.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.05.2020

I ei pressemelding frå regjeringa 4. mai 2020 går det fram at regjeringa vil kompensere kommunane for inntektsbortfallet ved å auke rammetilskotet. Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby seier at «kompensasjonen for tapt foreldrebetaling vil gi barnehagene og skolefritidsordningene stabile økonomiske rammevilkår. Slik unngår vi permitteringer». Kompensasjonen gjeld for perioden 13. mars til 13. april.

I pressemeldinga går det òg fram kor mykje midlar dette utgjer for kvar av kommunane i Vestland fylke. Følg lenka i høgre blokk for å finne pressemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.