Klagebehandling standpunktkarakterar i grunnskulen 2019

Alle elevar kan klage på standpunktkarakterar og på vedtak om å ikkje setje standpunktkarakter. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.02.2019

Elevar og foreldre skal informeres

Skulen skal informere elevar og foreldre om høvet til å klage, klagefristen og kva klagen skal innehalde. Innanfor klagefristen kan eleven krevje grunngiving for karakterar i fag eller orden og åtferd, og krevje grunngiving dersom det ikkje blir fastsett standpunktkarakter.

Klagefrist

Fristen for å klage er 10 dagar, frå melding om vedtaket er komme fram til den som har klagerett, eller den som har klagerett burde ha gjort seg kjent med vedtaket. Fristen blir avbroten når den som har klagerett ber om grunngiving for vedtaket, og ny frist gjeld frå grunngivinga er motteken.

Eleven sender klagen til skulen

Elevar under 15 år må ha skriftleg samtykke frå føresette for å klage. Klagen må vere skriftleg og underskrivast klagaren eller ein med fullmakt. Klagen skal sendast til skulen, og skulen sender klagen til Fylkesmannen, med kopi til klagaren.

I høgremenyen finn du eit skriv som skulen kan nytte som informasjon til elevane og eit rettleiingshefte om behandling av klager på standpunkt.

Skulen sender klagen til Fylkesmannen

Vi ber rektor sende inn klager via elektronisk skjema. Vi vil då kunne spare tid til postgang og korte ned den samla saksbehandlingstida. På denne måten kan eventuelle endringar telja med ved første opptak til vidaregåande skule.

Elektronisk innsending gjer skulen her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.