Informasjon til friskulane om koronasituasjonen

Alle friskular og skular godkjent etter voksenopplæringslova kap. 4 har fått eit brev med avklaringar på ein del sentrale problemstillingar knytt til at skulane må halde stengt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.03.2020

Kunnskapsdepartementet har sendt eit brev til alle friskular og skular godkjent etter voksenopplæringslova kap. 4.

Departementet skriv mellom anna at dei legg til grunn at skulane i størst mogleg grad held fram undervisninga på dei måtane og gjennom dei kanalane som er hensiktsmessige, og at friskolelova § 1-2 ikkje er til hinder for bruk av fjernundervisning i denne perioden.

Vidare skriv dei at friskulane må strekkje seg langt for å leggje til rette for at elevane kan få utført skulearbeid heimanfrå. Friskulane har også i denne perioden ansvar for at rettigheitene til elevane blir oppfylt, som til dømes spesialundervisning og særskilt språkopplæring  

Dei skriv òg at sidan skulene vil oppretthalde opplæringstilbodet i stengingsperioden, kan også skulane fortsetje å oppretthalde skulepengar når skulen er stengt. SFO-tilbod ved friskular skal haldast stengt, og skulane kan då ikkje krevje betaling for dette så lenge dei ikkje er opne.

Les heile brevet i høgremenyen på denne sida.

Denne informasjonen vart lagt ut i perioden der barnehagar og skular var stengt. Du finn aktuell og oppdatert informasjon på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.