Fritak frå vurdering med karakter i framandspråk

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Elevar kan søkje Fylkesmannen om dispensasjon frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk.

Bakgrunn for fritaket

Det har frå hausten 2017 vore høve til å få fritak frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk ved studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande skule for elevar med dysleksi eller spesifikke språkvanskar. Likestillings- og diskrimineringsnemnda sa i uttale den 1. desember 2016 at dette var i strid med diskriminerings- og tilgjengelegheitslova §5.

Kunnskapsdepartementet har som følgje av denne uttalen delegert mynde til Fylkesmannen slik at vi etter søknad kan gje dispensasjon frå kravet om vurdering med karakter i framandspråk som fellesfag i vidaregåande opplæring. Dispensasjonen gjeld ikkje engelsk.

Kven kan få innvilga dispensasjon

Det er to overordna vilkår som må oppfyllast for at Fylkesmannen skal kunne innvilge dispensasjon:

1. Den som søkjer er elev i vidaregåande opplæring – studieførebuande utdanningsprogram.

2. Den som søkjer er så sterkt ramma av dysleksi eller spesifikke språkvanskar at individuell tilrettelegging ikkje er tilstrekkeleg for å sikre likeverdige mogelegheiter til opplæring.


Utdanningsdirektoratet (UDIR) har presisert at punkt 2 er oppfylt om minst eitt av krava under er dokumentert i søknaden. Eleven må anten ha:

  • einskildvedtak om spesialundervisning i framandspråket frå grunnskulen fordi eleven er så strekt råka av dysleksi eller spesifikke språkvanskar
  • einskildvedtak om spesialundervisning i framandspråket frå vidaregåande opplæring fordi eleven er så hardt råka av dysleksi eller spesifikke språkvanskar
  • uttale frå sakkunnig om at det er openbert at tiltak gjennom spesialundervisning i framandspråket ikkje vil føre til at eleven får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa sidan eleven er så sterkt råka av dysleksi eller spesifikke språkvanskar

Slik søkjer du om dispensasjon

Er du elev i Hordaland eller Sogn og Fjordane og meiner du oppfyller vilkåra, så sender du søknad om dispensasjon til Fylkesmannen i Vestland. Fylkesmannen rår likevel til at elevar som skal søkje, sender søknaden sin via skulen. Dette er for å kvalitetssikre søknaden og gje skulane eit oversyn over talet på elevar som søkjer.

I tillegg til søknadsbrev må søknaden innehalde:

  • Vurdering/ rapport frå sakkunnig instans (til dømes PPT eller Statped) om at du har dysleksi eller spesifikke språkvanskar og graden av desse vanskane.
  • Stadfesting frå skulen om at du er elev i studieførebuande utdanningsprogram ved skulen.
  • Dokumentasjon som stadfester at minst eitt av krava over frå UDIR er oppfylt.

Kva inneber det å få innvilga slik dispensasjon

Ein dispensasjon gjev fritak frå kravet om vurdering med karakter i det aktuelle framandspråket. Dette inneber at:

  • Dispensasjonen gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering, og eleven skal ikkje vere med i eksamenstrekket for framandspråket.
  • Om eksamen i faget er gjennomført før dispensasjonen vert innvilga, skal eksamen annullerast.
  • Eleven skal ha opplæring i faget, i tillegg til halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter.
  • Om eleven har fått eksamenskarakter eller standpunktkarakter i faget, skal skuleeigar stryke desse.
  • UDIR vil kome attende med instruks for korleis fritaket og dispensasjonen skal førast på vitnemålet, og om Fylkesmannen sin mynde til også å innvilge dispensasjon frå talet eksamenar.

Ordninga med dispensasjon frå vurdering med karakter i framandspråk gjeld berre for dei som er elevar no. Den har ikkje tilbakeverkande kraft og gjeld ikkje for privatistar. Ordninga gjeld inntil Kunnskapsdepartementet trekk Fylkesmannen sitt mynde tilbake.