Førebelse eksamenskarakterar

Det er jamt over gode resultat på eksamen i grunnskulen våren 2019.

Sidan fylkesmannsembeta i Sogn og Fjordane og Hordaland er slått saman til Vestland, er dei to fylka for første gong felles sensurområde. Årets statistikk viser derfor resultata for desse to fylka samla.

Dei førebelse resultata etter eksamen (etter klagehandsaminga) i dei skriftlege eksamensfaga, syner at elevane i Sogn og Fjordane og Hordaland har jamt gode resultat. Samla er det vurdert 9141 elevsvar i avgangsfaga.

I matematikk og engelsk, er resultatet over landssnittet.

 

Fagkode Fagnamn Landet Vestland Sogn og Fjordane (2018) Hordaland (2018)
ENG0012 Engelsk 10. årstrinn, skriftlig 3,67 3,83 3,70 3,80
MAT0010 Matematikk 10. årstrinn 3,56 3,59 3,80 3,60
NOR0214 Norsk hovudmål 10. årstrinn, skriftleg 3,51 3,40 3,40 3,50
NOR0215 Norsk sidemål 10. årstrinn, skriftleg 3,11 3,09 3,60 3,40

 

Vi viser elles til Utdanningsdirektoratet sine sider som vil ha ei førebels oppsummering av eksamen og vurderingar av eksamensresultatet.

Kontaktpersonar