Fleire får læreplass

Det er markant auke i tal elevar som søkjer og får læreplass over heile landet. Sogn og Fjordane er eitt av fylka som peikar seg positivt ut.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.01.2019

Målretta satsing

På landsbasis hadde 74 prosent av søkjarane ved utgangen av fjoråret fått tildelt lærekontrakt. Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner ser auken i samanheng med ei målretta satsing på yrkesfaga, og samarbeid med fylkeskommunane og næringslivet. Han peikar på at elevar, lærarar, fylkeskommunar og næringslivet i heile landet har gjort ein god innsats. «Dette viser at både bedrifter og offentlig sektor tar ansvar», seier Sanner i ei pressemelding datert 22.01.2019. Det er i dag laga ein strategi som skal auke tal lærlingar i statleg verksemd.

For å tilpasse opplæringa av fagarbeidarar til samfunnets behov vil yrkesfagutdanninga frå hausten 2020 gjennomgå ei større endring. Opplæringa skal i større grad yrkesrettast og fleire elevar skal få spesialisering frå starten av. Tal utdanningsprogram vert auka og fag med få søkjarar skal fasast ut, melder Kunnskapsdepartementet.

Variasjon mellom fylka

Rekordmange elevar fekk læreplass i 2018, men det er stor variasjon mellom fylka når det gjeld kor mange elevar som får tildelt lærekontraktar. I Hordaland fekk 74 prosent av søkjarane ved utgangen av fjoråret godkjent lærekontraktar (likt med landssnittet), medan i Sogn og Fjordane fekk heile 80 prosent av søkjarane tildelt lærekontrakt.

Du finn pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet i høgremenyen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.