Alle eksamenar er avlyst

25. mars bestemte regjeringa å avlyse alle skriftlege og munnlege eksamenar på 10. trinn. Alle skriftelege eksamenar i vidaregåande skule er òg avlyst. Sjølv om eksamen er avlyst vil elevane få vitnemål.

Privatistar og lærlingar

Det blir store konsekvensar for privatistar om dei ikkje får ta eksamen. Kunnskapsdepartementet ser difor på om det er mogleg å få gjennomført privatisteksamen.

Det blir òg arbeid for å finne løysingar for å gjennomføre fag- og sveineprøven.
Kunnskapsdepartementet vil vurdere om det kan vere mogleg å gjennomføre munnleg eksamen i vidaregåande.

Standpunkt

Når eksamen er avlyst er det viktig å ha eit godt vurderingsgrunnlag for å sette standpunktkarakter og vi oppmodar lærarar og skuleleiarar om å prioritere vurderingsarbeidet framover slik at dei har eit breitt vurderingsgrunnlag som viser den samla kompetansen eleven har i faget.

Du finn informasjon frå Kunnskapsdepartementet her.

Du finn informasjon frå Utdanningsdirektoratet her.