Skulen si plikt til å sette inn tiltak i skulemiljøsaker

Når ein elev opplever at skulemiljøet ikkje er trygt og godt har skulen plikt til å sette inn tiltak, så langt det finst eigna tiltak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.04.2022

Alle elevar har krav på eit trygt og godt skulemiljø. På bakgrunn av den informasjonen som kjem fram i undersøkingane må skulen lage ein aktivitetsplan med tydelege og målretta tiltak. Retten til eit trygt og godt skulemiljø inneber meir enn berre fridom frå krenkingar. Skulen har framleis ei aktivitetsplikt der ein elev til dømes er utrygg på skulen grunna mobbing eller andre krenkingar som ikkje lenger er pågåande. Det er viktig å hugsa på at det er eleven si subjektive oppleving av skulemiljøet som skal leggast til grunn.

Når Statsforvaltaren skal vurdere om skulen har oppfylt plikta si til å sette inn tiltak, ser vi mellom anna på om aktivitetsplanen er utforma etter minimumskrava i opplæringslova § 9 A-4 sjette ledd. Det skal gå fram kva problem tiltaka skal løyse, kva tiltak skulen har planlagt, når tiltaka skal gjennomførast, kven som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka, og når tiltaka skal evaluerast. Vi ser og på om skulen har vektlagt kva som er til eleven sitt beste.

Manglande konkretisering

I mange saker ser vi at aktivitetsplanen manglar ei skildring av kva problem tiltaka er meint å løyse, eller at planen ikkje er tilstrekkeleg konkretisert. Ei god skildring av problema svarar på kvifor eleven ikkje har det trygt og godt på skulen og identifiserer kva som er dei oppretthaldande faktorane i miljøet rundt eleven. Utan ein konkret omtale av kva som er problema, er det vanskeleg å lage målretta tiltak og å evaluere om tiltaka har hatt effekt. Tiltaka som skulen set inn, må og skildrast heilt konkret slik at det blir klart for eleven, heimen og alle involverte vaksne på skulen kva som skal gjerast, når det skal gjerast, kven som skal gjere det, og når tiltaka skal evaluerast. Tiltaka i aktivitetsplanen må vera eigna og tilstrekkelege til å avhjelpa problemet som er beskrive i skulen si problemskildring.

Bakgrunn for tiltaka

Når Statsforvaltaren vurderer om skulen har sett inn eigna, lovlege og tilstrekkelege tiltak, vurderer vi om skulen har sett inn ulike tiltak som, etter ei fagleg vurdering, samla er eigna til å sikre eleven eit trygt og godt skulemiljø. Skulen må sørge for å undersøke saka tilstrekkeleg til at dei har eit godt nok kunnskapsgrunnlag til å kunne velja eigna og tilstrekkelege tiltak. Du kan lesa meir om undersøkingsplikta ved å følge lenka i høgre marg. Når skulen tar stilling til kva for tiltak som bør settast inn, må skulen involvere og høyre eleven. Eleven skal og få høve til å delta i evalueringa av tiltaka.

Dokumentasjon

Aktivitetsplanen er ein del av den dokumentasjonen som skal sikre at føresette og elev opplever at skulen tar saka på alvor. Ein godt utarbeidd aktivitetsplan synleggjer for eleven og dei føresette korleis skulen forpliktar seg til å hjelpe eleven, og er eit viktig element i kommunikasjonen mellom skule og heim i skulemiljøsaker. Planen skal vera eit viktig arbeidsdokument for skulen i arbeidet med å oppfylla aktivitetsplikta. Det er viktig at skulen dokumenterer at eleven har blitt gjeve moglegheit til å uttala seg om tiltaka, og at synspunkt eleven eventuelt måtte ha kjem tydeleg fram.

Tiltak

Det er viktig at skulane nyttar fagleg skjønn til å tilpassa tiltaka til det enkelte tilfelle. Tiltak kan vera retta mot både eleven sjølv og elev/elevar som utsett eleven det er oppretta sak på for krenkingar. Det kan og settast inn tiltak ovanfor ein klasse, eller heile skulen dersom dette er naudsynt. Dette kan til dømes vera haldningsskapande arbeid for å legga til rette for meir positiv interaksjon mellom elevane.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.