Ein trygg skuledag utan mobbing

Elev på veg til skulen. Viss du ikkje har det bra på skulen, må du eller foreldra dine melde frå til rektor. Rektor skal ta deg på alvor og skulen må undersøke det som har skjedd.
Elev på veg til skulen. Viss du ikkje har det bra på skulen, må du eller foreldra dine melde frå til rektor. Rektor skal ta deg på alvor og skulen må undersøke det som har skjedd. (Foto: Pixabay)

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Fylkesmannen.

Sei frå til rektor først

Viss du ikkje har det bra på skulen, må du eller foreldra dine melde frå til rektor. Rektor skal ta deg på alvor og skulen må undersøke det som har skjedd. Dei vaksne på skulen skal gjere alt dei kan for å hjelpe deg. Skulen skal ta tak i saka di innan det har gått ei veke. Deretter skal skulen lage ein skriftleg plan for korleis dei skal hjelpe deg. Du kan vere med på å lage planen om du ønskjer det

Sei frå til Fylkesmannen viss skulen ikkje gjer nok

Viss skulen brukar meir enn ei veke på å gjere noko med saka, kan du kontakte oss hjå Fylkesmannen. Det same gjeld viss du føler at skulen ikkje tek deg på alvor. Vi som jobbar hjå Fylkesmannen skal først finne ut om skulen har gjort jobben sin. Etter det kan vi bestemme kva skulen skal gjere for at du skal få ein trygg og god skulekvardag.


PS. Du kan alltid kontakte oss som jobbar hjå Fylkesmannen viss du lurer på noko. 

Vis meir


26.06.2019

Skulen si plikt til å gripe inn i skulemiljøsaker

Alle som arbeidar i skulen skal følge med på korleis elevane har det på skulen og gripe inn overfor krenkingar. Skulen må dokumentere korleis dei har gripe inn i den konkrete saka.

12.06.2019

Skulen si plikt til å varsle i skulemiljøsaker

Alle som arbeider på skulen skal varsle rektor dersom dei får mistanke om, eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.

13.05.2019

Skulen si plikt til å følgje med i skulemiljøsaker

Alle som arbeider på skulen har ei plikt til å følgje med på om elevane har eit trygt og godt skulemiljø.

29.03.2019

Skulen si plikt til å sette inn tiltak i skulemiljøsaker

Når ein elev opplever at skulemiljøet ikkje er trygt og godt har skulen plikt til å sette inn tiltak, så langt det finst eigna tiltak. På bakgrunn av den informasjonen som kjem fram i undersøkingane må skulen lage ein aktivitetsplan med tydelege og målretta tiltak.

26.02.2019

Skulen si plikt til å undersøke i skulemiljøsaker

Fylkesmannen har det siste året fått om lag 160 meldingar om at elevar ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Vi har då vurdert om skulane har oppfylt pliktene sine etter opplæringslova § 9 A-4. 

04.02.2019

Tiltak i skulemiljøsaker – ny nettressurs

Utdanningsdirektoratet har utarbeida ein ny nettressurs med døme på ulike typar tiltak som kan vere eigna i skulemiljøsaker.

01.02.2019

Handhevingsordning for elevane sitt skulemiljø

Fylkesmannen vurderer om skulen har oppfylt den lovpålagte aktivitetsplikta si i elevsaker, og vi kan vedta tiltak som skulen må setje i verk.


Dette står i lova

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking, som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Skulen skal heile tida arbeide for best mogleg skulemiljø og at skulen blir opplevd som trygg og god for elevane. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.

Alle vaksne som arbeider på skulen skal følge med på at elevane har det bra og gripe inn mot mobbing og anna krenking. Dei skal også varsle rektor viss dei får mistanke eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt.

Dette står i opplæringslova kapittel 9A og gjeld frå 1.8.2017.