Reglar for tilskot til drift av godkjente ikkje-kommunale barnehagar

Kommunane si fastsetjing av tilskotssatsar er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Dette stiller krav til kommunen si sakshandsaming.

Krav til kommunane i lov og forskrift

Barnehagelova pålegg kommunane å yte tilskot til ordinær drift av alle godkjente ikkje-kommunale barnehagar i kommunen. I samband med dette må kommunane kvart år fatte eit vedtak om tilskotssats innan 31. oktober i året før tilskotsåret. Satsen utgjer grunnlaget for kommunen sin seinare berekning av kor mykje kvar enkelt barnehage skal få i tilskot. Korleis kommunane skal rekne seg fram til satsen følgjer av forskrift om tilskot til private barnehagar. Her er det bestemt at satsen skal fastsetjast på bakgrunn av kva som var kommunen sine gjennomsnittlege driftsutgifter per heiltidsplass i tilsvarande kommunale barnehagar to år før tilskotsåret.

Tilskotsåret 2016 var det første året vedtak om tilskotssats skulle følgje reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Tidlegare var det ikkje krav om at fastsetjinga av satsen skulle følgje desse sakshandsamingsreglane. Då sendte kommunane typisk berre ut eit regneark til dei private barnehagane utan å fatte vedtak. Det går no fram av forskrift om tilskot til private barnehagar at fastsetjing av tilskotssats skal følgje reglane om enkeltvedtak etter forvaltningslova. Difor er det viktig at både kommunane og dei private barnehagane er klar over dei mest sentrale rettane og pliktane i forvaltningslova som gjeld for vedtak om tilskotssats.

Rettar og plikter

At fastsetjinga av tilskotssats no følgjer reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova, stiller krav til kommunen si sakshandsaming fram til satsen blir vedtatt. Barnehagane skal blant anna varslast av kommunen før den fattar vedtak om tilskotssats. Kommunen skal også sikre at satsen baserer seg på riktige tal og kostnadar.

Fordi fastsetjinga av satsen er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, har barnehagane også krav på å få tilsendt vedtaket skriftleg. Reglane knytt til enkeltvedtak stiller også krav til sjølve grunngjevinga for vedtaket. Grunngjevinga skal også vere skriftleg, og skal blant anna vise til reglane som vedtaket bygger på, men også til korleis kommunen har utrekna satsane. Grunngjevinga for vedtaket skal gjere barnehagane i stand til å vurdere om alle relevante driftsutgifter er tatt med i berekninga.

Når vedtaket om tilskotssats er fatta av kommunen, skal barnehagane så snart som mogleg bli informert om dette og få vedtaket oversendt. I samband med dette skal kommunen opplyse om at barnehagane har klagerett på vedtaket om tilskotssats og kven som er klageinstans. Dersom ein barnehage ikkje er samd i kommunen sin utrekning og ønskjer å klage, gjeld det ei klagefrist på tre veker frå det tidspunktet barnehagen ble informert om vedtaket. I første omgang skal klaga sendast til kommunen. Kommunen skal ta stilling til klaga og foreta dei undersøkingane som klaga gir grunn til. Dersom klaga frå barnehagen ikkje får medhald av kommunen, skal kommunen sende saka vidare til Fylkesmannen for endeleg klagebehandling.

Meir informasjon

Du kan lese meir om vedtak om tilskotssats og sakshandsamingsreglar knytt til dette på Utdanningsdirektoratet si heimeside