Rapportering ved endring i tiltaksnivå eller stenging av barnehage og skule

Det skal rapporterast til Fylkesmannen om endringar i tiltaksnivå, og ved eventuelle stengingar av barnehagar og skular.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.08.2020

Skulane og barnehagane skal no følgje gult tiltaksnivå i trafikklysmodellen, med mindre lokale helsemyndigheiter avgjer at det skal være raudt tiltaksnivå.  Ved gult nivå kan heile skuleklassar vere samla, og alle elevar skal få eit fulltidstilbod på skulen med ordinære skuledagar. Ved gult nivå kan òg heile avdelingar i barnehagen vere samla og alle barn skal få eit fulltidstilbod, med føresetnad om at dette er i tråd med smittevernfagleg forsvarleg drift. Førebels er det ikkje opna for at det kan gjerast lokale justeringar ned til grønt tiltaksnivå.

Det skal rapporterast til Fylkesmannen i Vestland ved endring i tiltaksnivå, eller ved eventuell stenging av skular og barnehagar. Kommunane som barnehagemyndigheit rapporterer til Fylkesmannen om endringar i tiltaksnivå i barnehagar, og eventuelle stengingar. Kommunen, fylkeskommunen og private skular rapporterer om endringar i tiltaksnivå, eller eventuelle stengingar av skular. Vi har sendt ut eit brev med utfyllande informasjon om dette til kommunane, fylkeskommunen og dei private skulane i Vestland. Der er det og meir informasjon om korleis rapporteringa skal skje. Dette brevet ligg vedlagt i høgre blokk.

De finn meir informasjon om smitteverntiltaka på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.