Handtering av valdelege barn i barnehage

Det er svært viktig at dei tilsette i barnehagen er merksame på reglane som vernar om barnet sin fysiske integritet, og grensene for kva personalet fysisk kan gjere overfor barnet i den konkrete situasjonen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.06.2019

Barn i barnehage (Illustrasjonsfoto: Pixabay)

Fleire regelverk vernar om barns fysiske integritet

Som eit utgangspunkt har kvar barnehage eit særleg ansvar for å ivareta barna sine behov for omsorg, og barnehagen har plikt til å sørgje for at miljøet i barnehagen er trygt. Dette går fram av barnehagelova § 1 og rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver. FNs barnekonvensjon artikkel 19 seiar vidare at barn skal beskyttast mot alle former for fysisk eller psykisk vald, skade eller misbruk, forsømmeleg behandling, mishandling eller utnytting mens ein annan person har omsorga for barnet. Barnehagelova, rammeplanen, og barnekonvensjonen gir såleis barn eit generelt rettsleg vern mot vald, fysisk makt og tvang.

Barnehagelova inneheld på si side inga reglar som seier noko om eller korleis personalet kan bruke fysisk makt eller tvang overfor barn som er valdelege mot andre barn i barnehagen.

Straffelova set grenser for bruk av fysisk makt overfor barn

Barns fysiske integritet har eit sterkt rettsleg vern etter straffelova. Dette gjeld særleg reglane om valdslovbrot i straffelova kapittel 25. Vernet etter desse reglane er likt uavhengig om barnet oppheld seg i barnehagen eller ikkje. Straffelova § 271 inneheld til dømes eit forbod mot kroppskrenking. Ei kroppskrenking treng ikkje innebere vald for å vere straffbar etter straffelova § 271. Derfor vil forbodet mot kroppskrenking vere det forbodet som ofte blir mest relevant dersom personalet i barnehagen fysisk griper inn overfor eit barn som er valdeleg, eller vurderer dette. Fysisk maktbruk ved å til dømes halde eit barn hardt fast mot sin vilje, kan vere ei kroppskrenking, men det vil vere avhengig av dei konkrete omstenda.

Grensa for når ei fysisk handling er å rekne som kroppskrenking etter straffelova, er ikkje klar. Lovførearbeida til straffelova presiserer likevel at all bruk av fysisk makt som har karakter av straffing omfattast av straffelova § 271 om kroppskrenking. På ein annan side viser lovforarbeida også til at kroppskrenking etter straffelova må avgrensast mot fysisk makt som blir brukt å beskytte eller for å gi omsorg til barn. Døme på dette kan vere å bestemd føre eit barn si hand bort frå eit brennande lys eller å bere eit motvillig barn med seg ut av eit butikklokale.

Dersom ei fysisk handling overfor eit barn er å rekne som ei kroppskrenking etter straffelova § 271, kan denne handlinga likevel vere lovleg dersom handlinga blei gjort i naudverje eller ved bruk av naudrett. Naudrett er regulert i straffelova § 17, og naudverje er regulert i straffelova § 18.  Naudverje eller naudrett kjem berre på tale heilt unntaksvis i ekstraordinære tilfelle, og føreset alltid at det blir utført for å forsvare nokon eller noko. Døme på dette kan vere situasjonar kor den som grip inn må bruke fysisk makt for å hindre at barnet skadar seg sjølv eller andre, eller skadar eigedom. Om vilkåra for naudverje eller naudrett er oppfylt, må vurderast av personalet i barnehagen i kvart einskilde tilfelle.

Råd og rettleiing til barnehagar

Dersom barnehagane jobbar kontinuerleg  med å utvikle eit godt barnehagemiljø til barnas beste, kan dette bidra til at ein unngår situasjonar kor barn vert utsett for fysisk makt og tvang i barnehagen. For auka kompetanse, konkrete råd og rettleiing om korleis barnehagen konkret bør jobbe for å sikre barna tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader, finst det kompetansemiljø og hjelpeinstansar. Til dømes kan universitet og høgskuler vere relevante miljø å vende seg til for barnehagane. Også PPT sitt systemretta arbeid kan ha handtering av fysisk makt og tvang som tema, slik at barnehagane kan få råd og støtte generelt og i konkrete saker.

Utdanningsdirektoratet sin rettleiar Barns trivsel – voksnes ansvar kan også vere til hjelp i arbeidet med å kartlegge situasjonar og barnhagemiljøet, i tillegg til å bidra til felles refleksjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.