Fordeling av midlar i regional ordning for kompetanseutvikling 2019

I 2019 er det 52 barnehagar i Hordaland og Sogn og Fjordane som deltek i den regionale ordninga for kompetanseutvikling.

Illustrasjonsfoto barnehage Pixabay

Illustrasjonsfoto barnehage Pixabay

Det er i 2019 sett av kr 6 888 000 til barnehagane som deltek i ordninga. Samarbeidsforumet i Vestland har bestemt at kvart utviklingssamarbeid vert tildelt midlar som kan nyttast til:

  • Personalmøte, i kvart utviklingsprosjekt er det tenkt midlar til 6 personalmøte à 3 timar i prosjektperioden.
  • Frikjøp av tid til arbeid i mellomperiodane
  • Frikjøp av tid til prosjektgruppa
  • Tid til å planleggja og samarbeida med universitets- og høgskolesektoren

Tal på årsverk i barnehagane har vore grunnlag for tildeling av midlane. Regionane har prioritert innmelde barnehagar. Summen kvar region får etter fordelingsmodellen, har lege til grunn for kor mange barnehagar som har komme med i ordninga inneverande år. Midlane har vorte tildelt barnehageeigar, og Fylkesmannen i Vestland har utbetalt midlane via kommunane som barnehagemyndigheit.

Universitets- og høgskulesektoren vil og i 2019 få tildelt kr 6 888 000. Utdanningsinstitusjonane og barnehageeigarane er likeverdige partar i den regionale ordninga, og midlane skal vere eit godt utgangspunkt for å samarbeide om profesjonsutvikling og kompetanseutvikling. Det er ein føresetnad at utdanningsinstitusjonane er til stades i alle barnehagane som deltek i ordninga, uavhengig av storleik og geografisk plassering.

30 prosent av dei totale midlane, kr 5 904 000, er tildelt kompetanseregionane og nytta i samsvar med føremåla. Denne tildelinga er basert på tal årsverk i kvar region. Private og kommunale barnehagar deltek likt i planlegging og bruk av desse midlane.

I høgre meny finn du meir informasjon om ordninga og ei oversikt over barnehagane som er med.