Unge får ikkje alltid nødvendig hjelp frå Nav Voss

Fylkesmannen har slått fast at unge som har kontakt med Nav Voss ikkje alltid får forsvarlege sosiale tenester, slik dei har rett til etter sosialtenestelova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.07.2019

Dette kjem fram etter eit tilsyn, som var gjennomført i mai 2019. Tilsynet har avdekt svikt i kommunens arbeid med å sikre at unge som treng det, får forsvarlege sosiale tenester.

Ikkje god nok kartlegging

Unge som er i kontakt med Nav Voss får ikkje alltid situasjonen sin kartlagt godt nok til at Nav-kontoret kan gjere forsvarlege vurderingar av hjelpebehovet deira og yte forsvarlege sosiale tenester. Det er ein svikt ved Navs kartlegging at den unge ikkje alltid får medverke til at saka vert godt nok opplyst til at Nav kan ta stilling til kva tenester dei treng frå Nav eller andre instansar. Unge som er i kontakt med Nav Voss, får ikkje alltid tenesta opplysning, råd og rettleiing ut frå sine individuelle behov. Vedtaka frå Nav Voss byggjer ikkje alltid på konkrete og individuelle vurderingar av den unges situasjon og behov.

Leiinga ved Nav Voss har ikkje sett i verk tiltak for å sikre at unge som har eller har hatt barnevernstiltak vert godt nok ivaretekne og får dei tenestene dei har behov for og rett til. Fylkesmannen har bedt Voss kommunen melde tilbake innan 1. september om kva kommunen vil gjere for å rette opp i dette.

Landsomfattande tilsyn

Tilsynet med Voss kommune er gjennomført som ledd i eit landsomfattande tilsyn som gjeld både barnevern og sosiale tenester i Nav. Temaet for tilsynet er kommunens arbeid med ettervern og samarbeid mellom barnevernstenesta og sosiale tenester i Nav, med vekt på brukarmedverknad.

Ved dette tilsynet skal Fylkesmannen undersøkje om kommunen sikrar at unge som treng det, får forsvarleg ettervern frå barnevernstenesta og forsvarlege sosiale tenester frå Nav. Vi har ved dette tilsynet med Voss kommune ikkje slått fast lovbrot ved Voss barnevernsteneste, berre ved Nav Voss.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.