Nytt skjema til bruk når barn på barnevernsinstitusjon har vore i kontakt med politiet

Fylkesmannen i Vestland har saman med Fylkesmannen sin fellesadministrasjon, FMFA, utarbeida eit enkelt, elektronisk skjema som barneverninstitusjonar kan bruke når dei skal orientere om at barn har vore i kontakt med politiet.

Vi har tidlegare publisert ein artikkel der vi ber om at barneverninstitusjonar orientere oss når barn har vore i kontakt med politi. 

Barnevernsinstitusjonar kan ikkje bruke politi til å løyse eigne oppgåver, men kan unntaksvis tilkalle politi for å handtere ein situasjon som har tilspissa seg. Institusjonen skal utan hinder av teieplikta gi politiet dei opplysningane som er nødvendige for at politiet på ein skånsam måte kan utføre oppgåva si, etter barnevernlova § 6-7.

No kan du melde frå i eit elektronisk skjema

I januar 2020 har vi, i samarbeid med FMFA, utarbeida eit elektronisk skjema. Dette skjema kan ein sende inn ved å bruke sikker innlogging via ID-porten.