Ny rettleiar om legemiddelhandtering i barneverninstitusjonar

Det er avdekka fleire risikomoment ved legemiddelhandtering i norske barnevernsinstitusjonar. På bakgrunn av det, har Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) utarbeidd ein nasjonal rettleiar for forsvarleg handtering av legemiddel i barnevernsinstitusjonane.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.05.2020

Kva krav vert stilt til barnevernsinstitusjonane?
Institusjonsleiar har ansvar for at institusjonen har rutinar som sikrar forsvarleg legemiddelhandtering. Institusjonen bør til ei kvar tid ha oversikt over kva legemiddel barna brukar, og sørgje for at den som skriv ut legemiddel til barnet har vurdert korleis desse skal handterast medan barnet bur på institusjon.

Institusjonen bør ha samtalar med kvart barn om korleis deira legemiddel skal handterast. Det bør òg vere eit eige kontrollskjerma for kvart barn som nyttast når barnet får utdelt legemiddel. Institusjonen skal oppbevare legemiddel på ein trygg måte, og aller helst i eit låst skap. Eventuelle avvik bør registrerast.

Kan barna handtere legemiddel sjølv?
Ifølgje den nye rettleiaren, bør institusjonen som hovudregel oppbevare og dele ut legemiddel, sjølv om barnet er over 16 år. I vurderinga av om eit barn kan handtere legemiddel sjølv, bør institusjonen be om vurderinga til den som skriv ut legemiddelet. Institusjonen bør i tillegg gjere ei sjølvstendig vurdering av om det er forsvarleg at barnet handterer legemiddelet sjølv ut i frå omsynet til forsvarleg drift og tryggleik og trivsel for alle bebuarar. Barnet bør alltid få tilbod om hjelp til legemiddelhandtering.

Ansvarsfordelinga mellom barnevernsinstitusjonen og helsetenesta
I kraft av omsorgsansvaret, kan institusjonen ta på seg legemiddelrelaterte oppgåver som kunne vore utført av barnets foreldre. Institusjonen skal med andre ord ikkje utføre legemiddelrelaterte oppgåver som krev helsefagleg kompetanse. Dette gjeld òg tilsette med helsefagleg bakgrunn.

Institusjonen må sørgje for at den som skriv ut legemiddel til eit barn vurderer om det er forsvarleg at institusjonen heilt eller delvis skal ha ansvar for å hjelpe barnet med å handtere legemiddelet. Helsetenesta skal vurdere om barnet har behov for bistand frå helsepersonell til legemiddelhandtering, eller om dei må gi institusjonen opplæring for at dei skal kunne handtere barnets legemiddel.

Les meir i rettleiaren frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.