Ny rapport om tenestene til sårbare barn og unge

Rapporten viser at langt fleire tenester enn tidlegare er tilbake i normal drift. Samtidig er det færre enn vanleg som oppsøkjer tenestene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.07.2020

Regjeringa har sett ned ei gruppe som skal gi heilskapleg kunnskapsgrunnlag om konsekvensane iverksette smitteverntiltak har for sårbare barn og unge, og vurdera tiltak som kan bøte på desse konsekvensane.

For sjette gong sidan koronakrisa byrja, har koordineringsgruppa kartlagt tilbodet til sårbare barn og unge. Rapporten viser at langt fleire tenester enn tidlegare er tilbake i normal drift. Samtidig melder tenestene om færre førespurnader og konsultasjonar enn tidlegare. Kartlegginga viser òg at det er helsetenestene som har størst utfordringar med å kome tilbake i normal drift. Her kan du lese rapporten.

Du kan lese meir om koordineringsgruppa og dei andre rapportane på regjeringa si heimeside.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.