Nasjonal fagleg retningsline for tidleg oppdaging av utsette barn og unge

Retningslina skal bidra til å styrke oppdagar- og handlingskompetansen hos leiarar og tilsette i kommunane slik at utsette barn og unge blir oppdaga tidleg og får tilpassa hjelp og oppfølging.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.12.2019

«Utsette barn og unge» er barn og unge med risiko for å utvikle problem som kan føre til mangelfull grunnopplæring og utfordringar knytt til utdanning, arbeid og helse, og som står i fare for framtidig marginalisering.

Her kan du lese retningslina.

Retningslina har to overordna delar:

  1. Tilrådingar som gjeld ansvaret som kommunane har for tidleg oppdaging av utsette barn og unge og foreldra deira.
  2. Tilrådingar som gjeld ansvaret som tilsette har.

Den nasjonale faglege retningslina erstattar rettleiaren «Fra bekymring til handling». Dei seks direktorata som har samarbeidd om retningslina er: Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Politidirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

Bakgrunnen for utarbeiding av retningslina går fram av Opptrappingsplanen for rusfeltet, Prop. 15 S (2015-2016).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.