Meld frå til barnevernet

Både barn og vaksne kan melde bekymring for eit barn. For offentleg tilsette er meldeplikta lovregulert. Det er barnevernstenesta sitt ansvar å finne ut om barnet eller familien treng hjelp frå barnevernet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.07.2020

Vern mot vald og overgrep

Samfunnet skal verne barn mot vald, mishandling og andre former for omsorgssvikt. Det er derfor svært viktig at alle som er alvorleg bekymra for eit barn, melder frå til barnevernstenesta.

For at barnevernstenesta skal kunne gje barn riktig hjelp til rett tid, er dei avhengige av informasjon frå andre. Både privatpersonar og offentleg tilsette kan gje opplysningar om bekymring for eit barns omsorgssituasjon eller åtferd til den kommunale barnevernstenesta.

Barn

Barn kan alltid melde til barnevernstenesta, anten dei sjølv har det vanskeleg heime eller dei er bekymra for andre barn. Meld frå til barnevernstenesta i kommunen der du bur. Du kan finne telefonnummeret til barnevernet på heimesida til kommunen eller ringe til kommunen og be om å få snakke med barnevernet. Du kan òg ringe Alarmtelefonen 116 111. Både barnevernstenesta og Alarmtelefonen vil ut frå meldinga vurdere om det er behov for akutt hjelp, og dei kan gje råd og rettleiing.

Vaksne

Alle vaksne bør melde frå til barnevernstenesta viss dei er bekymra for eit barn. Bekymringsmeldinga kan vere viktig for barnet det gjeld. Det er mogleg å kontakte barnevernstenesta for å drøfte saka anonymt og få råd før du melder. Privatpersonar har ikkje teieplikt. For offentleg tilsette og andre yrkesutøvarar med teieplikt gjeld det eigne reglar om melding til barnevernet.

Offentleg tilsette og andre som har teieplikt

Offentleg tilsette og andre yrkesutøvarar med teieplikt skal i arbeidet sitt, vere merksame på om eit barn eller ein familie kan ha behov for hjelp frå ulike tenester, til dømes barnevernet. Situasjonen treng ikkje å vere alvorleg for å utløyse retten til hjelp frå barnevernet. Det er nok at vilkåra for frivillige tiltak etter barnevernlova er oppfylt. Frivillige tiltak frå barnevernet, er tiltak som krev samtykke frå den eller dei som tiltaka er retta mot, altså foreldra og/eller barnet. Barnevernet jobbar etter prinsippet om minste inngrep. Det betyr at barnevernet skal tilby frivillige tiltak, dersom dette er nok til å hjelpe barnet og familien. Godt samarbeid mellom barnet/foreldra og barnevernet, er alltid best for barnet.

Ved mindre alvorleg bekymring for eit barn, bør den offentleg tilsette ha dialog med barnet og foreldra om mogleg hjelp frå barnevernet. Som offentleg tilsett, pliktar du å hjelpe barnet/foreldre vidare til barnevernet, dersom barnet og/eller foreldra ønskjer hjelp, og barnevernet er den instansen som kanskje kan hjelpe. Offentleg tilsette og andre som har teieplikt, kan derfor utan hinder av teieplikta gje opplysningar til barnevernet, der barnet og/eller foreldra ønskjer hjelp frå barnevernet og samtykker til at opplysningane vert formidla.

Opplysningsplikt

Alle offentleg tilsette og andre yrkesutøvarar med teieplikt har ei lovpålagt plikt til å melde frå til den kommunale barnevernstenesta ved alvorleg bekymring for korleis eit barn har det. Opplysningsplikta gjeld ved alvorleg bekymring for eit barns omsorgssituasjon eller åtferd, sjå dei ulike alternativa i barnevernlova § 6-4 andre ledd. Kravet grunn til å tru inneber at ein må ha ein konkret mistanke eller bekymring, men du treng ikkje å vite sikkert.

Den offentleg tilsette skal vurdere melding til barnevernet på bakgrunn av dei opplysningane han/ho til ei kvar tid har. Det er barnevernstenesta sitt ansvar å undersøkje saka nærare, med tanke på om det er behov for tiltak etter barnevernlova.

Opplysningsplikta set teieplikta til side. Opplysningsplikta går framfor omsynet til personvern og tillitsforholdet til den aktuelle tenesta, og plikta gjeld uavhengig av om informasjonen har kome fram i fortrulege samtalar.

Dersom vilkåra for å gje opplysningar til barnevernstenesta er oppfylte, skal du straks sende melding til den kommunale barnevernstenesta. Plikta til å gje opplysningar fell ikkje bort, sjølv om du på eiga hand prøver å avhjelpe situasjonen. Opplysningsplikta er eit sjølvstendig og personleg ansvar. Det er kvar enkelt yrkesutøvar som må vurdere om dei opplysningane han eller ho har, utløyser opplysningsplikt til barnevernet.

Dersom det gjennom barnevernets undersøking viser seg at barnets situasjon er mindre alvorleg enn det den som meldte frå var bekymra for, har den som gav opplysningar til barnevernstenesta likevel ikkje brote teieplikta si, så lenge han eller ho hadde opplysningar som gav grunn til å tru at barnet var i ein situasjon som utløyser opplysningsplikt.

Informasjon til barnet og foreldra

Så langt det er mogleg og dersom det ikkje er i strid med formålet, som er å avhjelpe ein situasjon som kan medføre skade for barnet, bør ein instans som til dømes skule, helsestasjon eller lege ta opp bekymringa si med barnet/foreldra. Det kan vere naturleg å kalle foreldra og barnet inn til eit møte, der dei får informasjon om kva som er grunnlag for bekymring for barnet og kva vurdering som er gjort med omsyn til opplysningsplikta. Barnet og foreldra bør få informasjon om kva barnevernet kan hjelpe familien med.

Nokre gonger kan det av omsyn til barnet vere viktig at foreldre ikkje vert informerte om at det vert sendt melding til barnevernstenesta, til dømes ved mistanke om vald eller seksuelle overgrep. I slike situasjonar kan informasjon til foreldra gjere at barnevernet eller politiet ikkje får gitt barnet eller andre tilstrekkeleg vern eller at viktig bevismateriale går tapt.

Kommunens plikt å sikre at barnevernet får viktige opplysningar

Alle offentleg tilsette skal kjenne reglane for teieplikt og ha kunnskap om plikta til å melde frå og gje opplysningar til barnevernet, slik at dei er trygge på praktiseringa av desse reglane. Kommunen har ansvar for å sikre at alle tilsette i kommunen har tilstrekkeleg kunnskap om opplysningsplikta og sikre at dei tilsette etterlever denne.

I brev 17.12.2014 oppmoda Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Barne-, likestillings og inkluderingsdepartementet alle kommunane om å gå gjennom sine rutinar for å sikre at alle tilsette i kommunen har tilstrekkeleg kunnskap om opplysningsplikta og om moglegheitene for samarbeid og kommunikasjon innanfor reglane om teieplikt. Dei påpeikte at teieplikta ikkje skal vere eit hinder for nødvendig kommunikasjon mellom tenestene for å sikre ivaretaking av barn som er eller har vore utsett for vald, mishandling eller omsorgssvikt.

Fylkesmannen minner om ansvaret kommunane har for å sikre at opplysningsplikta er kjent og at den vert etterlevd.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.