Læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland

På denne sida vil de finne informasjon om aktivitetar i regi av læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland. Det vil òg fortløpande bli lagt ut informasjon om arrangement, utviklingsprosjekta og fristar for å søke om stimuleringsmidlar til nye prosjekt.

I perioden 2018 – 2024 har regjeringa bestemd ei stor satsing på kommunal barnevernteneste. Eit av tiltaka i regjeringas kompetansestrategi er å stimulere til etablering av lokale læringsnettverk for barneverntenestene over heile landet. I Vestland har vi eit nettverk der alle kommunane som ynskjer det deltek. 

Formål

Formålet med læringsnettverka er å bidra til at kommunane samarbeider på tvers av kommunegrensene om utvikling av tenestetilbodet. Målet er å gje enda betre tenester til utsette barn og familiar, bidra til etablering av sterkare fagfellesskap og førebu kommunane på meir ansvar på barnevernområdet.

Læringsnettverka

Læringsnettverka består av barnevernsleiarar, prosjektgruppene for utviklingsprosjekta, ressurspersonar frå dei kommunale barneverntenestene, representantar frå aktuelle kompetansemiljø, brukarorganisasjonar med interesse for barnevern, KS og Fylkesmannen.

Stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt

Kvart år i prosjektperioden kan kommunane i nettverket gå saman om å søke stimuleringsmidlar til å iverksette utviklingsprosjekt med mål om teneste- og tiltaksutvikling for å gi enda betre barneverntenester til dei barna og familiane som treng det. Fylkesmannen behandlar søknadane. I 2020 kan kommunane søke på to ulike pottar:

  • 1 500 000,- Til eigeninitierte prosjekt der kommunane har identifisert eit behov
  • 3 200 000,- Til styrking av fosterheimsarbeidet i kommunane

Søknadsfristen for å søke om stimuleringsmidlar er 1. november 2020, pengane må nyttast  av kommunane innan utgangen av 2021. Les meir om søknadskrava i retningslinjene. Retningslinjene er foreløpig dei same som i fjor. Meir om tilskotet finn de på tilskotsida, der vil det etterkvart bli lagt ut søknadsskjema òg.

Utviklingsprosjekt

Kvart utviklingsprosjekt har ein vertskommune, og ei prosjektgruppe. Du finn meir om dei ulike utviklingsprosjekta under rubrikken «uviklingsprosjekt i læringsnettverket».

Fellessamlingar

Læringsnettverka samlar seg fleire gongar i året, då inviterast leiarar og ressurspersonar frå alle kommunane i Vestland, kompetansemiljøa, brukarorganisasjonane, KS, prosjektgruppene og Fylkesmannen. Det blir òg arrangert samlingar retta mot sakshandsamarar knytt til relevante tema i dei pågåande utviklingsprosjekta. Sjå under rubrikken «Arrangement i læringsnettverka» for kommande samlingar og arrangement. 

Styringsgruppa

Styringsgruppa for læringsnettverket består av en representant frå kommunane som er vertskommune for pågåande utviklingsprosjekt, ein representant frå kompetansemiljøa og ein representant frå Fylkesmannen. Du finn informasjon om kven som sit i styringsgruppa og referat frå møt under rubrikken «Styringsgruppa»

Ressursgruppa

Ressursgruppa for læringsnettverket består av kontaktpersonane for dei ulike kompetansemiljøa, brukarorganisasjonane, og ein representant frå kommunen, KS og Fylkesmannen. Du finn meir informasjon under rubrikken «Ressursgruppa»

Om de har spørsmål eller innspel til læringsnettverket kan de kontakta oss.