Fagdag om elevar med utfordrande åtferd

I samarbeid med Barne-, ungdoms- og familieetaten og Vestland fylkeskommune inviterer vi tilsette i barneverntenestene, skular og barnverninstitusjonar til fagsamling 26.mars.2020. Tema er «elevar med utfordrande åtferd og med risiko for å utøve vald på skulen».

Når, kvar og påmelding

Tid: torsdag 26. mars 09.30–15.30

Stad: Amalie Skram videregående skole, Bergen. Hans Tanks auditorium

Målgruppe: PPT-rådgjevarar og tilsette ved ungdomsskular, vidaregåande skular, barneverntenester og barneverninstitusjonar i Vestland

Påmeldingsfrist: 16. mars 2020 på Vestland fylkeskommune sine nettsider

Program

Det blir servert lunsj ca. kl. 12.

kl. 09.30: Velkommen v/fylkeskommunen

kl. 09.40–14.15: Elevar med utfordrande åtferd. Ulike tilnærmingar for skulen og institusjonen v/Anne Gro Innstrand

  • Kva er utfordrande åtferd?
  • Korleis møte utfordrande åtferd på kort sikt og på lang sikt?
  • Kva er dei viktigaste prinsippa for god klasseleiing når ein underviser for mange elevar med ulike behov og diagnosar?
  • Kva er dei beste råda for kommunikasjon i møte med ungdom med utfordrande åtferd og emosjonelle vanskar?
  • Kva er dei fem vanlegaste feila i kommunikasjon i møte med ungdom med utfordrande åtferd og emosjonelle vanskar?
  • Kva gjer det med deg som tilsett i skulen eller barnevernet å stå i situasjonar der du må handtere trakassering, verbale truslar og vald som ein del av arbeidet?
  • Kva er dei beste råda for å førebygge at du blir empatitrøytt og utbrent

kl. 14.15–15.30 Korleis kan vi hjelpe ungdom å handtere vanskelege kjensler? v/Anne Mari Syversen

For meir informasjon om føredragshalderane og eventuelle spørsmål, sjå nettoppslaget til Vestland fylkeskommune