Barnevern og smittevern

Barn, unge og foreldre som treng hjelp frå barnevernet skal få det, også under korona-pandemien. Bufdir har laga ei temaside med informasjon om korleis barn og foreldre kan få nødvendig hjelp frå barnevernet slik situasjonen er no.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.03.2020

Vi har spurt Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) om det vil kome retningslinjer som konkretiserer kva oppgåver barnevernstenesta skal løyse først, dersom dei manglar tilsette på grunn av karantene eller sjukdom. Vi har fått tilbakemelding om at det i løpet av kort tid vil kome eit skriv frå direktoratet om dette. Vi råder kommunane til å følgje med på temasida til Bufdir.

Her finn du informasjon på sida til Bufdir. 

Vi reknar med at det vil oppstå ulike spørsmål rundt dette i tenestene framover. Kommunane kan ved behov kontakte Fylkesmannen for råd og rettleiing, og vi kan om nødvendig ta spørsmål frå kommunane vidare til Bufdir.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.