Barnevern

Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Dersom du er misnøgd med barnevernet, kan du klage til Fylkesmannen.

Kommunens oppgåver

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det daglege arbeidet etter barnevernslova. Barnevernstenesta skal setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpa kan givast i form av råd og rettleiing, eventuelt i kombinasjon med andre hjelpetiltak. Vanlege hjelpetiltak er for eksempel barnehageplass, støttekontakt, råd og rettleiing og avlastningstiltak i heimen.

Barnevernstenesta har også ansvar for å gripe inn dersom tiltaka i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnets behov. Barnevernstenesta kan då for ein periode i samråd med foreldra formidle plass i fosterheim eller på institusjon, eller på eit senter for foreldre og barn. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker etter forslag frå kommunen.

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker har mynde til å ta avgjerder blant anna i saker om omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Avgjerder som er tekne av fylkesnemnda, kan bringast inn for domstolane.

Fylkesmannens oppgåver

Fylkesmannen fører tilsyn med barnevernsverksemda i kommunen. Dette inneber blant anna at Fylkesmannen behandlar klager på saksbehandlinga i barnevernstenesta og tek stilling til om barnevernstenesta har utført arbeidet sitt etter barnevernslova og forvaltningslova.

Fylkesmannen er klageinstans for enkeltvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. Dette vil i dei fleste tilfella vere saker der barn eller foreldre klagar over at dei ikkje får det hjelpetiltaket dei ønskjer.

Fylkesmannen fører også tilsyn med at barn på barnevernsinstitusjonar får forsvarleg omsorg og god behandling. Vidare skal tilsynet sjå til at barna blir behandla omsynsfullt og med respekt for integriteten til den enkelte. Dette inneber blant anna at barn som blir utsette for tvang på ein barnevernsinstitusjon, kan klage til Fylkesmannen.

Du kan klage

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie di meining om det barnevernet gjer sånn at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bur heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. 

Vi jobbar med å utvikle enkle løysingar for å seie frå. Inntil vidare ber vi deg ta kontakt med Fylkesmannen der du bur. Treng du nokon å snakke med NO? Ring Alarmtelefonen på 116 111.

Vis meir


23.06.2020

Viktige endringar i barnevernlova

Stortinget har nyleg vedteke endringar i barnevernlova. Formålet med lovendringane er å styrke barnevernet og rettane til barna.

22.06.2020

Teieplikt ved intern gransking av kommunalt barnevern

Barneverntenesta er pålagt streng teieplikt, og kommunen har eit særleg ansvar for å skjerme opplysningar om barn. Publisering av opplysningar i strid med teieplikta, er straffbart.

19.06.2020

Kommunens ansvar for barnevernstenester

Kommunen er pålagt å ha ei barnevernsteneste, men står ganske fritt i korleis dei vil organisere tenestene. Fylkesmannen har i eit brev til FO Vestland gjort nærare greie for kva krav som gjeld.

18.05.2020

Ny rettleiar om legemiddelhandtering i barneverninstitusjonar

Det er avdekka fleire risikomoment ved legemiddelhandtering i norske barnevernsinstitusjonar. På bakgrunn av det, har Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) utarbeidd ein nasjonal rettleiar for forsvarleg handtering av legemiddel i barnevernsinstitusjonane.

14.05.2020

Legg bort lovlegkontroll om publisering av barnevernsrapport

Samnanger kommune si avgjerd om å publisere ein granskingsrapport på nett, kan ikkje takast opp til lovlegkontroll etter kommunelova. Vi har derfor avslutta saka utan vidare handsaming.

13.05.2020

Ny rapport om tenestetilbodet til sårbare barn og unge

Mange barn og unge har ikkje fått det tilbodet dei har rett på under koronakrisa. Rapporten tilrår å opne alle tenester for barn og unge utan unødvendig opphald og i tråd med grunnleggande smittevernomsyn.

22.04.2020

Saksbehandling ved inhabilitet i barnevernstenesta

Dersom det på grunn av inhabilitet ikkje er nokon i kommunen som kan behandle saka, kan Fylkesmannen overføre saka til ein annan kommune.

06.04.2020

Rettleiingstelefon for barneverntenestene

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har oppretta ein rettleiingstelefon for barnevernsleiarar og kommuneleiarar med ansvar for barnevern.

25.03.2020

Barn og unge som ønsker å komme i kontakt med oss

Vi som jobbar med barnevern hos Fylkesmannen er tilgjengeleg for alle barn og unge. Her finn du kontaktinformasjon viss du vil komme i kontakt med oss. 

16.03.2020

Barnevern og smittevern

Barn, unge og foreldre som treng hjelp frå barnevernet skal få det, også under korona-pandemien. Bufdir har laga ei temaside med informasjon om korleis barn og foreldre kan få nødvendig hjelp frå barnevernet slik situasjonen er no.

Fleire nyhende